Hopp til innhold

Rasa framfor bilkøen

Sjåførane fekk klarsignal til å køyre gjennom området der det vert drive rassikringsarbeid. Då gjekk raset.

Ras på riksveg 5 mellom Florø og Førde.

MÅTTE SNU: Vegvesenet vedgår at dette ikkje skal skje, og har snakka med entreprenøren om hendinga.

Foto: Freddy Brendø

– Vegen er jo under utbetring. Dei som jobbar her kan jobben sin, men slikt kan jo skje likevel, seier Freddy Brendø. Han var ein av dei som stod i kø og vart vinka forbi anleggsområdet då det rasa store steinar ned på vegbana framfor bilkøen.

– Flaks at det går bra

Statens vegvesen driv i desse dagar med rassikring av riksveg 5 ved Makrellvågen mellom Eikefjord og Florø. Det er manuell dirigering forbi staden. Dei siste åra har det gått fleire ras i dette området.

Brendø, som bur i Florø, køyrer ofte strekninga og er van med at det ligg steinar i vegbana.

– Det er berre tilfeldig at det går bra, seier Brendø.

Han klarte å snu bilen og returnere til Florø, og er ikkje prega av det som skjedde.

– Skal ikkje skje

Skule Jacobsen i Statens vegvesen er byggeleiar for det aktuelle prosjektet. Han stadfestar at det kom ned stein i vegbana. Han vedgår at det sjølvsagt skal vere trygt å køyre forbi eit anleggsområde når vaktene gir klarsignal.

– Det som mest truleg har skjedd her er at sjåføren på hjullasten har oversett nokre steinar som låg igjen etter ryddearbeidet i bakken ovanfor vegen, seier Jacobsen.

Raset førte ikkje til ekstraordinær stenging av riksveg 5, der bilistane uansett må gjere rekning med venting i inntil 30 minuttar så lenge det er vegarbeid i området.