Hopp til innhold

Rasstengde fylkesvegar opna att

Fylkesvegane som tysdag morgon var stengde på grunn av ras, er begge opna att.

Ras ved Storebru

STEIN: Både tre og stein har kome ned i vegbana på fylkesveg 615 mellom Storebru og Hyen.

Foto: Fredrik Helland / NRK

Fylkesveg 615 mellom Hyen og Storebru vart stengd i eitt-tida i natt etter at stein, tre og jord i vegbana. Raset sperra vegen.

Etter å ha synfare området konkluderer entreprenøren med at det ikkje er fare for nye ras. Klokka 09 var vegen rydda og opna att.

– Det har kome ned eit par blokker på rundt ein kubikkmeter, og ein del jord og skog. Det har røska godt opp i fjellsida, sa trafikkoperatør John Andreas Omdal ved vegtrafikksentralen i Bergen.

Ras ved Storebru

STENGT: Hyevegen er stengd kring ein kilometer frå Storebru.

Foto: Fredrik Helleland / NRK

Det var ein nabo i området som melde frå om raset.

– Han høyrde rasett og reiste ut for å sjå. Der møtte han ein stengd veg.

Stengd ved Matbjøra

I Gaular er fylkesveg 610 stengd ved rasutsette Matbjørhammaren ved Viksdalsvatnet. Omkøyring er via E39 og fylkesveg 13 Rørvika, melder Statens vegvesen.

Ryddearbeidet starta klokka 07 og ein time seinare var vegen opna att.

– Det har falt ned nokre steinar 500–600 meter vest for Eldalsosen i retning Sande. Det var så vidt passasje, men entreprenøren ville ikkje stå der i mørket i natt, opplyste Omdal.

stengde vegar