Hopp til innhold

RAS-fare for teaterframsyning

Teaterforestillinga RAS vart avlyst på Sandane, laurdag. Skodespelarane frykta for tryggleiken sin. Den tunge riggen med lyskastarar som heng over scena har ikkje vore godkjend på tre år.

Leila Øvreseth
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

- Det var berre ein ting å gjere då vi oppdaga dette, og det var å avlyse framsyninga. For tryggleik går framfor alt! seier informasjonssjef i Sogn og Fjordane Teater, Leila Øvreseth.

Ho seier at det ikkje var eit vanskeleg val å måtte avlyse framsyninga laurdag. Men ho er skuffa på teaterpublikummet på Sandane sine vegne. Dei får ikkje høve til å sjå forestillinga RAS. For under førebuinga til framsyninga i aulaen på Firda vidaregåande, oppdaga dei ein alvorleg mangel.  

- Vi oppdaga at sceneriggen ikkje var godkjend. Den skal godkjennast kvart år, men hadde ikkje vore det på 3 år, fortèl Øvreseth.

- Burde visst om det 

Gloppen kommune har på si side slett ikkje vore klar over at scena ikkje har vore godkjend på tre år, kan kultursjef Jan-Kjetil Øygard fortelje.  

- Ja, det var ei overrasking for fleire.

- Burde ikkje kommunen visst om dette?

- Jo, det kan ein seie. Men sjølv om ein ikkje hadde dette stempelet for godkjenning, har vi følt, trudd og visst at det likevel var trygt. Samtidig har vi full respekt for arbeidsmiljølova. Det er svært beklageleg det som har skjedd.

Legg seg flat

- Men kva tenkjer du om at teateret måtte byrja å førebu seg på scena, før mangelen vart oppdaga?

- Eg kan ikkje anna enn å leggje meg flat, og beklage det, seier kultursjefen.