Fem båtførarar fekk forenkla førelegg på grunn av høg fart i hamneområdet i Florø torsdag kveld.
Knapt 100 båtar hadde funne vegen til Florøvika i samband med jonsokfeiring.
Politiet melder om fleire båtar utan lanterne, og ein speedbåt vart beordra til land på grunn av manglande lanterne og førar utan redningsvest.