Nestleiar i Ungdomspolitisk Utval, Richard Andre Våge, meiner at det verkeleg er på tide at noko skjer. Ikkje berre har han snakka med fortvila elevar, men undersøkingar syner at ei ny løysing trengst. På Hafstad Vidaregåande skule i Førde viser det seg at 34% av 3. klassingane meiner at rådgjevaren ikkje er tilgjengeleg nok. Mange elevar seier at rådgjevarane er flinke når ein først får snakka med dei. Men at dette er til lite hjelp så lenge kontoret står tomt.
Ikkje god nok tid
Skuleleiinga forstår at elevane fortvilar. Administrativ leiar på Hafstad Vidaregåande, Magne Frøholm, vedgår at rådgjevarane kanskje ikkje har god nok tid til undrande elevar.
Hurtig svar på internett
Men det er ikkje berre i Førde at rådgjevarane kjem til kort. Våge har høyrd om tilfeller frå heile fylket der elevane opplever manglande og misvisande rettleiing. Han meiner at ei rådgjevarteneste på internett kan vere løysinga. Der kan elevane chatte med ein rådgjevar, eller få svar på e-post eller mobil innan 12-24 timar. Dette er elevane svært positive til, fordi dei meiner at rådgjevarane då vert lettare å få tak i.