Det dårlege været og forfallet til programhelten Ato Bolden ga publikumssvikt for Florø Friidrettsfestival. Stemnesjef Rune Osa reknar med at dei tapte oppimot 300 tilskodarar berre på forfallet til Bolden. Svikten fører likevel ikkje til vesentlege økonomiske problem fordi arrangørane ikkje er avhengig av store bilettinntekter. Dei slepp dessutan å betala honorar til Bolden.
Sportsleg vellukka
Lars Riedel. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK
Sportsleg vart Florø Friidrettsfestival også denne gongen brukbart vellukka. I det fuktige og kalde været vart det sett 4 banerekordar. Arrangørane fekk dessutan ei god gjennomkøyring før NM i august. Utøvarane som imponerte mest var russaren Evgeny Tretyak i lengde, den amerikanske sprintaren Inger Miller og den femdoble VM-vinnaren i diskos, Lars Riedel.
Det beste resultatet av dei lokale deltakarane hadde Elin Isane i diskos med 52.63 i vanskeleg vind. Det ga ein 7. plass mot deltakarar frå 6 andre nasjonar.