- Då vi kom utpå såg vi han, men då var vi så nær fossen at vi hadde problem med å ro. Vi var vel 20 meter frå han. Men då var straumen så sterk at vi ikkje hadde hatt sjanse til å handtere båten om vi hadde gått nærare, seier Hauken, som var i båten saman med ein nabo.
- Var rett framfor meg
Hallvard Hauken prøvde saman med naboar å redde guten. (Foto: H.L. Bakke, NRK)
- Eg hoppa i land, og hadde med meg ei livbøye, og sprang langs land. Så kom eg meg ut på ein stein rett før utløpet. Då såg vi han 10 meter frå land rett framfor meg.
Trist oppleving
Dei ropte, utan at 16-åringen reagerte. Dermed var det lite Hauken og naboane kunne gjere.
- Eg blei heilt skjelven, sjølvsagt. Du kan tenkje deg sjølv å sjå ein person reise utfor den fossen der, seier Hauken.