Hopp til innhold

Ingen vil ha kraftlinja - no kan endå fleire ende opp med å få ho

Regjeringa sine planar om å leggje kraftlinja mellom Ørskog og Fardal via Vassenden i Jølster og Angedalen Førde - for å skåne fleire i Naustdal, skaper sterke reaksjonar.

Linjetrasé for 420 KV-linja i Sunnfjord

LENGER AUST: Den raude streken viser den konsesjonsgivne traséen. Den grøne sirkelen viser området der regjeringa no ønskjer utgreidd ein ny trasé for kraftlinja.

Foto: skjermdump, regjeringen.no

Arne Grimseth

HAR BLITT HØYRT: Gardbrukar Arne Grimseth i Naustdal har i fleire år kjempa mot å få kraftlinja over garden. No kan kampen vere vunnen.

Foto: NRK

Etter å ha møtt massive protestar mot den planlagde traséen gjennom Naustdal, vurderer Olje- og energidepartementet no dette nye alternativet lenger aust.

Skånar nokre - kan råke Førde og Jølster

Men alternativet som inneber at Arne Grimseth og familiengarden hans i Naustdal går klar av den nye, store 420 KV-linja, inneber at andre kan bli råka.

Kommunikasjonsrådgjevar Jon Evang i Olje- og energidepartementet presiserer at ein førebels ikkje har konkludert kva som blir den alternative trasén til Naustdal.

– Vi har markert eit område på kartet. Innanfor dette området ønskjer vi å greie ut ein alternativ trasé, seier Evang.

Kartet frå departementet fører likevel til protestar, då ytterlinja i aust er trekt nær busetnaden både i Angedalen i Førde, og ikkje minst dei store byggjefelta sør for tettstaden Vassenden i Jølster. I tillegg vil Naustdal framleis kunne vere råka.

I staden for å erstatte eksisterande kraftlinjer, vil det også kunne måtte ryddast nye linjegater gjennom til no urørt natur.

I Jølster er ordføraren klar til motstandskamp.

– Vi har ingen sans for dette forslaget. Dette vil vi kjempe imot, seier ordførar Gerd Dvergsdal (Sp).

Får linja som nabo

I eit byggjefelt nesten inst i Angedalen sit Frode Svalheim. Dersom linja blir trekt så langt aust som yttersona på departemenetet sitt kart indikerer, vil han få mastene 250 meter frå huset sitt.

Artikkelen held fram.

Frode Svalheim

REAGERER: Kvifor flytte linja til oss, spør Frode Svalheim frå Angedalen. Han meiner færre blir råka av kraftlinja, om ein held på den opphavelege traséen i Naustdal.

Foto: Bård Siem / NRK

– Linja skal følgje fjellsida nedover mot busetnaden, ca 150 meter frå det kvite huset der borte, seier Svalheim mens han peikar og gestikulerer for å vise kvar Statnett vil ha den planlagde kraftlina.

Dette alternativet er forkasta på eit tidlegare stadium, men no vil departementet at Statnett ser på dette på nytt. Det likar Svalheim svært dårleg.

– Omvegen her vil føre til at mykje urørt natur går tapt, meiner han.

Statsråden ber om flytting

Olje - og energiminister Terje Riis Johansen (Sp) presenterte dei nye traséforslaga under ein pressekonferanse i Oslo fredag. Han viste til at det opphavlege alternativet gjennom Naustdal var så omstridd at Statnett må sjå på nye løysingar. Også forbi Ålfoten i Bremanger skal alternative trasèar vurderast.

– I Naustdal, der det ligg éin konsesjonsgitt trasé, seier vi til Statnett at vi ber om at dei søkjer ein trasé som går utanom busetnaden, sa statsråden fredag.

Eitt av alternativa som no blir vurdert er å gå frå Moskog, via Eikås og vestre del av Vassenden i Jølster og over Angedalen i Førde, ei løysing der Naustdal blir mindre råka.

Ordførar lovar motstand

Ordførar Jølster, Gerd Dvergsdal, har ingen sans for dette alternativet.

– Eg synest, for å seie det enkelt, ikkje noko om dette i det heile. Eg er ganske overraska over at ein ikkje no tek ei avgjerd slik at ein kan ha ei klar linje som ein skal forhelde seg til, seier ho.

Artikklen held fram.

Gerd Dvergsdal.

LIKAR DET IKKJE: - Eg har ingen sans for dette forslaget. Det vil ikkje gå upåakta hen, lovar Jølster-ordførar Gerd Dvergsdal.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Men må ikkje også Jølster tole å få denne linja over seg?

– Jau då, vi må tole å få denne linja, men også vi ønskjer å bli høyrde i vår argumentasjon. Og vi har utfordringar til liks med dei andre kommunane. Det at ein får linja innetter liene og at vi har store byggjefelt som blir visuelt råka, er ikkje bra. Det er dette vi har framført. Eg ser også at det ikkje berre gjeld Jølster, det er tre kommunar som no blir involverte i dette. Det kjem nok ikkje til å gå upåakta hen, seier Jølster-ordføraren.

– Hadde råka færre i Naustdal

I nabokommunen Førde forstår Frode Svalheim at gardbrukarane i Naustdal som ville ha fått kraftlina over eigedomen reagerer. Samtidig meiner han det er olje- og energiministeren si oppgåve å velje den totalt sett beste løysinga.

– Sjølvsagt forstår eg at enkeltpersonar i Naustdal reagerer og ikkje ønskjer linja så tett opp til husa sine, på same måte som vi gjer. På den andre sida, skal ein byggje ei linje så meiner eg at ved å følgje dagens trasé vil ein kunne sanere mykje av eksisterande anlegg. Dagens alternativ råkar langt færre bustander og legg beslag på langt mindre areal enn det som no er føreslege, seier Frode Svalheim i Angedalen.

Video Her gir han grønt lys

TV-REPORTASJE: Her gir olje- og energiministeren Naustdal-familie nytt håp om å sleppe å få kraftlinja over garden.