Hugo Hellesen er ein av dei tre bak den nystifta selskapet Flora Paintball. - Vi har sjølve drive med paintball ei stund, og har funne ut at det er spennande, samstundes som det gir trim og naturopplevingar, seier han.
Paintball er populært. Arkivfoto NRK
Første profesjonelle satsinga
Ifølgje dei tre har ingen så langt drive profesjonelt med paintball i Sogn og Fjordane. Men det er enkelte som på eige initiativ har skaffa seg utstyr til å drive med paintball rundt om i fylket, og det har ført til ein del uheldige episodar, også skader.
Nøye med verneutstyr
Dei tre i Florø kjem også til vere nøye på at deltakarane blir utstyrt med skikkeleg tryggleiksutstyr, for sjølv om det berre er målingkuler som blir brukte, så kan det oppstå skader dersom det ikkje blir brukt verneutstyr.
Stor interesse
Dei tre gründerane har naturleg nok stor tru på konseptet sitt, og interessa så langt har i alle fall vore upåklageleg, seier Hellesen. Før dei er kome i gang er dei blitt kontakta av fleire som vil prøve.