Hopp til innhold

Her produserer dei lutefisk for harde livet

Kvart år går det ut 250 tonn lutefisk frå portane til ein av verdas største produsentar av lutefisk, Per Stave AS i Selje. No produserer dei for fullt for å ha nok til årets julesesong.

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

Lutefisk hjå Per Stave AS. Foto: Birger Meland

Hjå Per Stave AS er dei inne i sin mest hektiske periode i året.

Bunkar på bunkar med tørrfisk ligg klare til å bli omgjort til lutefisk og hamne på mange bord som julemiddag.

– Dette er torsk som er fiska på kysten nordover og ført hit og tørka, seier dagleg leiar, Rune Stave.

Rune Stave

TRAVELT: Dagleg leiar hjå Per Stave AS, Rune Stave, blir ikkje lei av fisk. Her syner han fram tørrfisken som skal bli lutefisk.

Foto: Birger Meland / NRK

Er ein lang prosess

Det å lage til skikkeleg lutefisk er ein prosess som tek nokre månader.

– Fiskarane treng si tid, så kjem fisken hit. Vi treng tre veker til å tørke han, og så bør han liggje eit halvt år før vi tek til med lutinga, seier Stave.

Prosessen med å tørke fisk går heile året.

– Vi tørkar frå februar til over ferien, så tørkeria går nesten heile året, seier Stave.

Hovudproduksjonen av årets lutefisk er allereie i boks og står klar til å bli køyrd ut i butikkane.

– Vi har ein del frosen lutefisk, så du kan seie vi har att vel tre veker og så roar det seg her for oss. Då er det nesten jul, ler Stave.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lutefisk til hund

IKKJE BERRE TIL FOLK: Tørrfisk er også god hundemat.

Foto: Birger Meland / NRK

Tørkar ut to tonn vatn i døgnet

Men det er ikkje få liter vatn i døgnet som fordampar når ein tørkar fisk hjå Per Stave AS.

– Når tørka er full og vi går for fullt, så tek vi ut to tonn med vatn i døgnet, seier Stave.

Når fisken så skal lutast, så startar ein med å bløyte opp att fisken.

– Vi bløyter, lutar og vatnar han. Det tek om lag 16 døgn alt etter temperatur og størrelse på fisken, seier Stave.

Det meste av lutefisken frå Selje vert transportert ut i verda med biltransport.

– Ein skulle kanskje ikkje tru det med vegane vi har her ute, men dei klarar å komme seg ut, seier Stave.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Vart lutefisken til grunna ein brann?

Men kven fann på lutefisk?

– Det stridast dei lærde om. Nokon seier at det var eit tørrfisklager som brann opp. Då dei då spruta på vatn vart det oskelut. Og så prøvde dei å berge fisken med vatn og då kom lutefisken til. Men eg har sånn passeleg tru på det, seier Stave.

Sjølv om lutefisk er populær kost, spesielt på denne tida av året, seier Stave at marginane i bransjen er små.

– Det er ikkje noko å skryte av lenger, men eg har no naseborene over vatn, ler Stave.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lutefisk middag

TILBEHØYR: Bacon, ertestuing og saus må til for å gjere måltidet komplett.

Foto: Birger Meland / NRK

Nordmenn vil helst ha torsk

Og lutefisken, den lagar dei av både lange og torsk.

– I Norge er det mest torsk det går, men personleg er eg ein lange-mann. Men torsken er steikje god, seier Stave.

Sjølv sver han til kvit saus som tilbehøyr, noko han plukka opp i Sverige. Men han har laga sin eigen variant.

– Eg gjorde han litt tjukkare og hadde nesten eit glas grov sennep oppi viss eg lagar ein liter, seier Stave.

Ideelt sett skal lutefisken serverast med mandelpotetar.

– Men Kerrs pink går fint det også, seier Stave.