– Vi kom jo for å ta i mot den prisen som heiter Europa Nostra sin kulturminnepris, men så synte det seg at vi faktisk har vunne den endå meir prestisjetunge Grand Prix-prisen, forklarar ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim.
Det er EU-kommisjonen som deler ut prisen, og blant tidlegare vinnarar kan ein mellom anna finne Stonehenge som vann prisen i 2015.
I år var det fleire internasjonale kulturminne som kjempa om prisen. Eit palass i Romania og eit hagekompleks i Kroatia var blant favorittane, men det var Kongevegen som stakk av med gullmedaljen og prispengane på ti tusen euro.
– Dette er stort, fordi det syner at det arbeidet vi har gjort med Kongevegen vekkjer merksemd også i utlandet, og blir sett pris på over heile Europa, seier lærdalsordføraren.
Les også: Kongevegen kan få heiderpris
IMPONERTE: Kongevegen over Filefjell imponerte dei som hadde møtt opp på utdelinga i Turku i Finaldn måndag kveld.
Foto: Jan Geir SolheimTok sølv i publikumskategorien
Kongevegen stakk også av med sølvmedaljen i publikumskategorien, og gjorde med det nesten reint bord på utdelinga, der 29 kulturminne var med å kjempa om prisen.
– Det har vore eit fantastisk arrangement inne i ei fullstappa kyrkje her i Turku i Finland. Den berømte operasongaren Placido Domingo delte ut prisen, og Kongevegen såg ut til å imponere dei frammøtte, seier Solheim.
Kongevegen over Filefjell vart i 1790-åra den første vegen mellom Vestlandet og Austlandet der ein kunne nytte hest og kjerre. Dei siste åra har partiet mellom Lærdal og Vang vorte rusta opp for å ta det tilbake til slik det skal ha sett ut for to hundre år sidan.
NØGDE: Dei to ordførarane i Vang og Lærdal var særs nøgde under utdelinga i Turki i Finalnd måndag kveld.
Foto: privatTrur det kan setje Vestlandet på kartet
Fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling var også med på utdelingsseremonien i Finland måndag kveld.
STORT ARBEID: Å restaurere Kongevegen har vore eit stort arbeid, og Jenny Følling tykkjer det er kjekt at arbeidarane som var med på dette no får merksemd.
Foto: Jan Adriansen– Vi veit at vi har flott natur på Vestlandet, og at kulturminna våre utmerker seg. At vi får to prisar på denne utdelinga er likevel langt utover det vi torde å håpe på.
Følling trur prisdrysset kan vere med å setje Vestlandet endå meir på kartet i turistsamanheng.
– Dette vil kunne gje oss endå meir internasjonal merksemd, men det er også utruleg kjekt for alle dei som har vore med på å restaurere Kongevegen at ein no blir heidra og får anerkjenning for det arbeidet.