Hopp til innhold

Presset aukar på Rogaland KrF – krav om at blå delegatar melder forfall

Fleire KrF-toppar ber no KrF i Rogaland om å bytte ut delegatar som støttar blå regjering med raude vararepresentantar.

Trude Brosvik, fylkesleder i KrF, gestikulerer med hendene mens hun snakker

IKKJE RESPEKT: Det står ikkje respekt av vedtaket Rogaland KRF har gjort, seier Trude Brosvik, gruppeleiar frå KRF i Sogn og Fjordane og vara til Stortinget.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Dersom ein byter ut fire blå delegatar frå Rogaland med fire vararepresentantar som støttar raud side, vil resultatet spegle att resultatet frå årsmøtet i Rogland. Det handlar om integritet og å tenke meir på partiet enn seg sjølv, seier Trude Brosvik.

KrF skal ta sitt store og viktige retningsval på fredag, og no spissar frontane seg til.

Ho var ordførar i Gulen kommune i 12 år, har sete i sentralstyret til KrF, og no er ho ein av hovudkandidatane til å bli KrF sin fylkesordførarkandidat i Vestland fylke.

Brosvik meiner det er tvingande nødvendig at Rogaland tar grep for å få sendt ein representativ delegasjon til landsmøtet på fredag.

– Det står respekt av alle dei andre fylkeslaga som sender delegasjonar som speglar av resultata frå vala. Rogaland sitt vedtak står det ikkje respekt av, seier ho.

Ifølge NRK sine målingar kan Rogaland sin knallblå delegasjon avgjere heile retningsvalet til KrF, og Brosvik er ikkje den einaste som tykkjer det er problematisk.

– Det er eit fint utspel frå Trude, og eg deler intensjonen hennar. Det er likevel viktig at det kjem ifrå Rogaland sjølv, seier ordførar på Osterøy i Hordaland, Jarle Skeidsvoll.

– Når Rogaland har valt ei heilt anna line enn resten av fylkeslaga, er det heilt naturleg at dei gjer noko for å justere på det, så eg støttar forslaget om at nokre delegatar kan trekkje seg, seier leiar i Naustdal KrF i Sogn og Fjordane, Stein Oltedal.

Håpar folk skiftar meining

Fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal (KrF) er den eine raude delegaten blant dei 15 som skal representere fylkeslaget på landsmøtet på fredag. Ho håpar heller at nokre av delegatane skiftar meining.

– Det som eventuelt kan vere realisme i er at nokre av delegatane kanskje skiftar meining. Eg var skuffa då fylket mitt ikkje valde å sende ein representativ delegasjon, men fylkesårsmøtet fatta eit lovleg vedtak, seier ho.

Avviser å skifte ut delegatar

Fylkesleiar i Rogaland KRF, Oddny Helen Turøy, vil ikkje ta initiativ til at blå delegatar blir bytta ut med raude.

– Eg held meg til fylkesårsmøtet sitt vedtak, seier fylkesleiar Oddny Helen Turøy.

Oddny Helen Turøy

SEIER NEI: Fylkesleiar i Rogaland KRF, Oddny Helen Turøy, vil ikkje skifte ut blå delegatar med raude til landsstyremøtet i KRF komande fredag.

Foto: Odd Rune Kylingstad / NRK

Du får ikkje ein vond smak i munnen dersom det blå fleirtalet blir sikra fordi Rogland køyrde sitt eige opplegg og ikkje tok omsyn til mindretalet?

– Sett i lys av etterpåklokskap, burde vi sikra at resultatet speglar den reelle meining på årsmøtet, slik dei andre årsmøta har gjort. Men spelereglane kom til undervegs, noko som gjorde situasjonen vanskeleg, seier ho.