Hopp til innhold

Pressens faglege utval

Pressens faglege utval (PFU) er rette instans om du meiner NRK Sogn og Fjordane har brote god presseskikk, og du ikkje når fram med å klage til oss. Dette gjeld både for TV, radio og Internett.

PFU-logo

PFU: Du kan klage til Pressens faglege utval om du meiner NRK har brote god presseskikk

Denne nettstaden – såvel som radio- og TV-tilbodet vårt – er redigert på uavhengig grunnlag, slik dette kjem til uttrykk gjennom prinsippa som er nedfelt i Redaktørplakaten. Dessutan ligg dei etiske normene slik dei kjem til uttrykk i Vær varsom-plakaten og Tekstreklame-plakaten til grunn.

Redaktøransvar

Ansvarleg redaktør er etisk og rettsleg ansvarleg for det redigerte innhaldet, overfor medienes sjølvjustis (Pressens Faglige Utvalg) og overfor lov og domstol. Dersom enkelte reagerer på innhaldet på desse sidene, blir dei oppmoda om å ta kontakt med redaktøren.

Distriktsredaktør for NRK Sogn og Fjordane er Rolf Sanne-Gundersen. Epostadressa er rolf.sanne.gundersen@nrk.no og telefonnummer er 970 55 206.

Ansvarleg redaktør for NRK er Thor Gjermund Eriksen. Han har epostadressa: thor.gjermund.eriksen@nrk.no

Utgjevarselskap: Norsk Rikskringkasting, 0340 Oslo.

Klageorgan

PFU er eit klageorgan oppnemnt av Norsk Presseforbund, med medlemmer frå både presseorganisasjonane og ålmenta. Det behandlar klager mot pressa i presseetiske spørsmål, og «presse» er her definert som både trykt presse, radio, fjernsyn og internett.

Vi er pliktige til å kunngjere dei fråsegner PFU kjem med.

Pressens faglege utval har telefonnr. 22 40 50 40. Epostadressa er: pfu@presse.no.