Hopp til innhold

Preben får draumetomta si likevel

Preben Birkeland Søreide vart først nekta av Fylkesmannen å bygga hus på familiegarden. På bursdagen sin fekk han brev om at han likevel får lov.

Preben Birkeland Søreide fremst. Bak Petter Sortland (t.v.) og Arve Søreide

PÅ TOMTA: Preben Birkeland Søreide (framme) på tomta han først fekk nei til å bygga på. I bakgrunnen er ordførar Petter Sortland (t.v.) og far Arve Søreide.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er ei veldig god kjensle, seier Preben Birkeland Søreide (22).

Etter månader med papirarbeid, søking, avslag, klaging og til slutt ei synfaring med Fylkesmannen og ny søknad, fekk han endeleg tommel opp for draumetomta på heimegarden på Søreide, på sørsida av Sognefjorden.

For å gjera det ekstra kjekt, kom vedtaksbrevet på 22-årsdagen, den 23. november.

– Det var ei fin gåve, det, seier han.

Skapte mykje engasjement

22-åringen ville flytta til heimbygda Søreide i Høyanger kommune. Han skulle få tomt på garden til faren, og alt låg til rette for at den vesle bygda skulle få ein ny innbyggjar.

Preben Birkeland Søreide (t.v.) og Arve Søreide

MYKJE ARBEID: Det var mykje papirarbeid for Arve Søreide (t.h.) og Preben Birkeland Søreide.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Problemet var at han ville bygga på eit område som er dyrka mark, og som er beskytta av jordvernet. Området vart ikkje brukt til noko som helst, og naboen som leiger marka hadde ingen innvendingar mot husprosjektet. Fylkesmannen sa likevel nei.

– Om ein slik liten grasflekk er viktigare enn at folk flyttar til distrikta, då får det heller vera, sa Preben Birkeland Søreide den gongen , og såg på avslaget som spikaren i kista for planane om å flytta heim.

Saka fekk mykje merksemd, og til slutt reiste Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på synfaring på garden.

Flyttar tomta litt

Preben Birkeland Søreide

FLYTTAR HEIM: Preben Birkeland Søreide flyttar likevel heim til heimbygda.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– På synfaringa viste me fram kva me tenkte, og så kom me fram til endringane i fellesskap. Me hadde ein god dialog med både Fylkesmannen og kommunen etter det, seier Arve Søreide, far til Preben og gardeigar.

Tomta dei opphavleg søkte om låg like nedanfor den gamle, ubrukte fjøsen på garden. No skal dei riva fjøsen, slik at dei kan flytta tomta litt lenger opp og dermed ta mindre av den dyrka marka.

– Det blir same utsikta, og vindauga peikar framleis mot fjorden. Me er nøgde med løysinga, og det er ikkje dei store endringane frå det me opphavleg søkte om, seier Arve Søreide.

Tomta og fjøsen på Søreide

SKAL RIVAST: Den gamle driftsbygningen skal rivast for å gjera plass til ei hustomt. Opphavleg var tomta tenkt rett nedanfor fjøsen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Håpar på «Preben-effekt»

– Det høyrest banalt ut at det skal bli så mykje oppstyr om å få éi bustadtomt, men signaleffekten er viktig. Me treng kvar einaste ungdom som vil flytta heim, seier ordførar Petter Sortland (Ap).

Han håpar ungdomen no ser at moglegheitene er der , om dei vil.

– Ofte er det slik at om éin flyttar heim, så vil andre fylgja etter. Eg håpar på ein «Preben-effekt» på Søreide.

Også Fylkesmannen er nøgd med løysinga ein til slutt kom fram til på Søreide.

– Her greidde me å finna ei god løysing som ikkje tek for mykje dyrka jord, og det er me godt nøgde med, seier Christian Rekkedal, landbruksdirektør i Sogn og Fjordane.

Christian Rekkedal på Søreide

LANDBRUKSDIREKTØREN: Christian Rekkedal, landbruksdirektør hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, var på synfaring i starten av oktober.

Foto: Ole Heilevang / NRK