Hopp til innhold

– Eg treng andre jamaldrande for å bu her

SØREIDE (NRK): Tidlegare Farmendeltakar Marte Søreide (26) flytta attende til heimbygda for to år sidan. No fryktar ho at utan fleire tilflyttarar kan både skule og barnehage stå i fare for å bli lagt ned.

Marte Søreide

FLYTTA TILBAKE: For tre år sidan vart Marte Søreide eit kjent fjes så ho deltok i realityprogrammet Farmen. Ho valde å flytte tilbake til heimbygda Søreide.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

NRK fortalde i dag om Preben Birkeland Søreide, som ikkje får lov til å skilje ut ei tomt på garden til foreldra på Søreide i Høyanger. Fylkesmannen sa nei til planane fordi tomta var på dyrka mark.

– Om ingen andre flyttar heim, blir skular og barnehagar lagt ned. Då blir det vanskeleg for meg å vere her og. Eg treng andre jamaldrande for å bu her, seier Søreide.

Flytta heim etter Farmen

Marte Søreide flytta heim til same bygd for to år sidan. Søreide vart eit kjent fjes for mange, etter at ho for tre år sidan deltok i realityprogrammet Farmen på TV2, der ho var med heilt til finalen.

Marte Søreide

TRENG TILFLYTTARAR: Marte Søreide seier ho er avhengig av at fleire flytter heim, for at ho skal kunne bli buande.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Søreide tykkjer det er synd at Preben ikkje får byggje hus på heimgarden.

– Preben vil bu på den tomta og det er der han er oppvaksen. Det er ikkje andre plassar på det gardsbruket det går an å byggje. Tomta ligg mellom ein låve og eit anna hus og kan ikkje brukast til noko anna.

FÅR IKKJE BYGGJE: Preben Birkeland Søreide på tomta til foreldra, der han ønskjer å byggje hus.

– Skadeleg for tilflyttinga

– Lovgivinga burde ikkje vere den same i område med liten busetting, som i tettbygde område. Nokre plassar vil dette vere direkte skadeleg for tilflyttinga, seier Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane.

Heggheim trur ikkje det er mange som hamnar i ein slik situasjon som Søreide. Likevel meiner han at regelverket burde vore annleis.

– Intensjonen i lovgivinga er ikkje tilpassa stadar som ikkje er pressområde. Ei liknande sak i til dømes Førde, Florø eller Sogndal ville vore noko heilt anna. Der må ein ha ei streng lovgiving, men på Søreide er ikkje veksthandtering ei problemstilling, seier han.