Det er eit utval i Posten som vil flytte delar av postsorteringa frå Florø til Bergen, noko som gjer at 19 årsverk i Florø forsvinn. Men Posten er også ein svært viktig kunde for Coast Air i Florø. Dei posttilsette seier i følgje Firdaposten at ei nedtrapping av terminalen i Florø vil gje eit tap på 10 millionar kroner for flyselskapet, og at Coast Air vil miste 75 prosent av oppdraga sine for Posten. Kvar månad fraktar Coast Air 60.000 tonn post med flya sine frå Bergen og Oslo. Særleg det siste flyet ut frå Gardermoen om kvelden, har få passasjerar. Til gjengjeld tek det dagleg med seg eit par tonn med post. Direktør Utne vil ikkje kommentere tala.
Om dette får konsekvensar for flyrutene i Florø, har ikkje Utne ein gong tenkt på.
-Det har eg ikkje tenkt over, rett og slett fordi me ikkje har fått noko informasjon frå nokon andre enn pressa.
Utne kan heller ikkje seie om dette vil bety kutt i rutetilbodet.