Hopp til innhold

Frivillige deltok i lang leiteaksjon i natt

I Årdal vart det sett i gang ein leiteaksjon etter to jegerar i 20-åra.

politi illustrasjon

POLITINATTA: Sett bort ifrå leiteaksjon og promillekøyring var det ei roleg natt for politiet i Sogn og Fjordane.

Foto: Kyrre Lien / Scanpix

To menn ringde naudnummeret like før midnatt då dei hadde gått seg vill i dårleg vêr, og ikkje fann fram tilbake til hytta.

Frivillige, Røde Kors og Norske Redningshunder bidrog i leiteaksjonen som varte i mange timar. Først i 5-tida i dag tidleg blei dei funne av leitemannskapet.

– Leitinga tok tid, først kvart på åtte i dag tidleg fekk vi beskjed om at alle var trygt nede. Dei frivillige har gjort ein god jobb, og jegerane har fått varme kler og mat no, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Køyring med promille

Elles var det to tilfelle av køyring med promille. Den eine, ein mann på 20 år køyrde inn i ein annan bil på Kaupanger like før klokka 3 i natt.

– Mannen blåste promille, og det blei teken blodprøve. Det er ikkje meldt om nokon store skadar etter køyringa, seier Magnussen.

Fann tom bil

I Nordjfordeid vart ein mann i slutten av 20-åra mistenkt for å ha køyrt med promille etter at ein tom bil vart funne delvis utanfor vegen litt over klokka 3.

Den mistenkte vart funne i ein bustad og køyrt til legevakt, men politiet har endå ikkje funne eigaren av bilen. Mannen blåste promille, og det vart teken blodprøve. I tillegg fekk han førarkortet beslaglagt. Politiet har no oppretta sak mot mannen.