Bakgrunnen er at politidistriktet tilsette ein jurist utan embetseksamen.
Politimeisteren visste ingen ting om reaksjonen frå SEFO før han høyrde det her på NRK Sogn og Fjordane klokka sju i går tidleg.
Valvik meiner det ikkje er i tråd med god og skikkeleg sakshandsaming at etterforskarane offentleggjer si innstilling før statsadvokaten har teke ut tiltalevedtak. Han meiner og at det er påfallande at dette er andre gang det skjer i ei sak der SEFO-leiaren i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, Ivar Svendsgård, er ansvarleg.
Men Svendsgård tek ikkje utfallet frå Valvik så tungt. Han seier det ikkje er klare regler på dette, og at det er ulik praksis over heile landet.