Falsk jurist må i fengsel Mannen som gav seg ut for å vere politijurist ved Fjordane Politikammer må i fengsel. Det er klart etter at Gulating lagmannsrett no har sagt nei til å behandle saka. Det seier advokaten til 31-åringen, Harald Stabell.
Falsk politijurist ankar Den falske politijuristen ankar dommen til lagmannsretten. 31-åringen vart i Sunnfjord Tingrett dømd til fengsel i eitt og eit halvt år for å ha gitt seg ut for å vere utdanna jurist, og for å ha svindla Aetat for vel 800 000 kroner.
Falsk jurist dømd Mannen som jobba som jurist utan juridikum ved Fjordane Politikammer er av fleirtalet i Sunnfjord tingrett dømd til fengsel i eitt og eit halv år. Seks månader av straffa er utan vilkår.
Krev 18 månader fengsel for falsk j Aktor Walter Wangberg (t.v.) krev halvtanna år fengsel. Forsvarar Harald Stabell (t.h.) ba om mildast mogleg straff for 31-åringen. (Foto: A. Nybø, NRK)Aktor Walter Wangberg krev fengsel i eitt og eit halvt år, for den falske politijuristen som står tiltalt i Sunnfjord tingrett. Men berre seks månader bør vere utan vilkår, meiner aktor.
Pressa av faren 31-åringen som er tiltalt for å ha svindla Aetat for 850.000 kroner, og for å ha vore jurist ved Fjordane Politikammer utan gyldig eksamen, vedgjekk straffeskuld på alle punkt i retten tysdag.
Levde på ei løgn Han fekk utbetalt over 850.000 kroner frå Aetat og han vart tilsett som jurist utan å ha juridisk embetseksamen. I over 10 år lurte 31-åringen både familien og Aetat trill rundt. No kan han bli dømd til ni år i fengsel.
Tiltale mot falsk jurist Det er no tatt ut tiltale mot mannen som i fjor vart avslørt som falsk jurist ved Fjordane politidistrikt. Mannen vert også tiltalt for å ha svindla Aetat.
Bot til Fjordane Politidistrikt Politimeister Bjørn Valvik veit ikkje om han vil godta botaFjordane Politidistrikt har fått ei bot på 10.000 kroner av statsadvokaten, etter at dei tilsette ein jurist utan embetseksamen. Det seier statsadvokat Walter Wangberg i Hordaland.
Politimeisteren ut mot SEFO Politimeister Bjørn Valvik ved Fjordane politidistrikt er overraska over at Politiets særskilte etterforskingsorgan, SEFO, har lete det leke ut at dei innstiller på å gje politikammeret ei bot på femti tusen kroner.