Før den 31 år gamle lensmannssonen vart avslørt, hadde han i over 10 år studert jus i Bergen utan å ta eksamen, fordi han mangla studiekompetanse. Dette klarde han å halde skjult både for omgangskrinsen og den næraste familien. Faren som var lensmann i Nordfjord, skaffa sonen jobb som jurist ved Fjordane Politikammer, der sanninga til slutt kom for ein dag.
Då saka var oppe for Sunnfjord Tingrett vart mannen dømd til fengsel i eitt år og seks månader og til å betale attende 800 000 kroner som han urettmessig hatt fått i støtte til studia. Med avslaget frå Gulating lagmannsrett er alle moglegheiter til å få omgjort straffa oppbrukt, seier Stabell.