Hopp til innhold

Politikarane aukar ikkje løna til seg sjølve

FLÅM (NRK): Løna til politikarane i nye Vestland blir ikkje større enn kva dei to fylka brukar på politikarløn i dag. Likevel vil den framtidige fylkesordføraren og fylkesvaraordføraren ha milliongodtgjersle.

Fellesnemda for nye Vestland, Roald Stenseide, Silja Ekeland Bjørkly, Røsvik

INGEN AUKE: Svært få i fellesnemnda ville auke løna til politikarane slik arbeidsutvalet hadde føreslege.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Det var tilløp til forvirring då politikarane i fellesnemnda, som planlegg det nye Vestland fylke, skulle røyste over godtgjersla til politikarane i det framtidige fylket.

Innstillinga frå arbeidsutvalet ville gje meir løn til folkevalde enn dei to fylka brukar i dag. Forslaget om å gje millionlønn til fleire av politikarane har siste dagane skapt debatt. Tre endringsforslag skapte også debatt i fellesnemda.

Skilte berre 80.000 kr

Ingen i nemnda ville auke løna til politikarane, slik arbeidsutvalet kom med forslag om.

– Vi vil ta utgangspunkt i forslaget frå arbeidsutvalet, men reduserer lønsforslaget til fylkesordføraren og fylkesvaraordføraren og regulerer godtgjersle til medlemmane av fylkesutvalet etter det. Då er vi nær dagens ramme, sa fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp). Ho la fram eit felles endringsforslag frå Sp, Ap og KrF.

Frp-politikar Roald Stenseide kom med eit forslag frå Frp, Venstre og Høgre, om ei samla godtgjersle på 300.000 kroner under dagens nivå.

– Løna bør ikkje bli høgare. Det nye fylket står framfor tunge utfordringar. Då bør politikarane halde seg innanfor ramma.

Anders Ryssdal, Sigurd Reksnes, Jenny Følling.

VANN: Forslaget frå Sp (bildet), Ap og KrF fekk fleirtal.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Under gruppemøte var skilnaden mellom dei to forslaga på 80.000 kroner. Likevel klarte dei ikkje om å bli samde. Til slutt fekk endringsforslaget til Sp, Ap og KrF fleirtal.

Mindre på fylkesordføraren

Med det vedtekne reglementet vil kostnaden med godtgjersle til politikarane i nye Vestland samla bli på det same dei to fylka brukar i dag.

Den komande fylkesordføraren i nye Vestland vil få ei løn på 1,2 millionar kroner, medan den komande fylkesvaraordføraren vil få 976 500 kroner.

Anne Gine Hestetun, Rune Haugsdal

HEKTISK: Leiar i Fellesnemda Anne Gine Hestetun og prosjektleiar Rune Haugsdal.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK