Hopp til innhold

Foreslår millionløn til politikarar – og statsrådsløn til fylkesordføraren

Nye Vestland fylke vil bruke meir på løn til folkevalde enn dei to fylka brukar i dag. Fleire kan ende opp med godtgjersler på over ein million kroner.

Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland samla på Gulating 27.oktober 2017

DYRARE: Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland samla på Gulating i 2017. Dei nye folkevalde vil koste meir enn denne gjengen.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Fylkesordføraren skal ifølgje satsane få 1,3 millionar kroner i året, noko som svarer til ei statsrådsløn.

Også fleire andre politikarar i det nye fylket kan ende opp med godtgjersler rundt ein million kroner.

Dette kjem fram i forslaget til nye satsar for godtgjersler i nye Vestland fylke. Forslaget skal opp i fellesnemnda torsdag 14. februar.

Frank Willy Djuvik

DÅRLEG SIGNAL: Politikarane bør ikkje tene meir på verva enn det «folk flest» tener, meiner Frank Willy Djuvik i Sogn og Fjordane Frp.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Statsrådsløn over millionen

Fylkesordføraren, varaordføraren og dei fire hovudutvalsleiarane blir kjøpte fri til å drive politikk på fulltid. Satsane har tatt utgangspunkt i godtgjersla stortingsrepresentantar får.

Ein fylkestingsmedlem som også leier eit hovudutval, vil til dømes få 526.075 kroner i godtgjersle. Er ein i tillegg gruppeleiar for eit stort parti, kan ein ende på rundt ein million kroner.

Ingen skal få meir enn fylkesordføraren, og det er difor føreslått eit tak på 1,3 millionar kroner.

Alle fylkestingsmedlemmer får 47.825 kroner i året, men i tillegg kjem godtgjersler for ulike verv:

Andre godtgjersler i Vestland

Fylkesutvalsmedlem

478.250,-

Leiar i hovudutval eller kontrollutvalet

478.250,-

Opposisjonsleiar og gruppeleiar med 10 eller fleire medlemmer

478.250,-

Gruppeleiar med 6-9 medlemmer

334.775,-

Gruppeleiar med inntil 5 medlemmer

191.300,-

Nestleiar i hovudutval eller kontrollutvalet

95.650,-

Medlem i hovudutval eller kontrollutvalet

47.825,-

Anne Gine Hestetun

FORSVARAR NIVÅET: Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun, meiner det er viktig at både partia i posisjon og i opposisjon i fylkestinget får nok støtte, slik at representantane deira har tid til å gjere jobben dei er vald til.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Kan gå ut over legitimiteten

Frank Willy Djuvik frå Frp er redd lønsnivået vil gå ut over legitimiteten til politikarane.

– Det kan ikkje vere sånn at politikarar løyver høgare godtgjersler til seg sjølve enn det innbyggjarane elles tener, seier han.

Djuvik maner til måtehald.

– Eg trur ikkje det skaper stor legitimitet at ein legger opp til eit kostnadsnivå som er høgare enn dei to fylka har i dag, seier Djuvik, som er gruppeleiar for Frp i Sogn og Fjordane.

– Men godtgjerslene må vere store nok til at ein får dekt økonomiske tap og at det blir attraktivt å engasjere seg i politikk, seier han.

Demokratireform kostar pengar

I dag bruker dei to fylka til saman om lag 37,5 millionar kroner på godtgjersle slik at dei folkevalde kan bruke tid på politiske møte og arbeid. Når dei slår seg saman, legg dei opp til å bruke 2,5 millionar meir.

Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun, leier arbeidet i fellesnemnda for det nye fylket. Ho seier det var brei politisk støtte bak forslaget i arbeidsutvalet.

– Folk må ha ei anstendig løn for det arbeidet dei gjer, og ein må sikre at politikarane har tid til dei viktige oppgåvene som fylket skal gjennomføre, seier Hestetun.

Ho forsvarar auka med at samanslåinga også skal vere ei demokratireform.

– Når vi gjennomfører ei demokratireform der det skal meir makt ut til folket, og vi samstundes blir større, er der viktig at både koalisjonen og opposisjonen får gjort jobben sin. Og difor er det ikkje usannsynleg at det blir ein liten auke.

Aud KArin Oen (SV) er kritisk til kjønnsbalansen i leiinga i fylkeskommunen

FOR HØGE: Hadde ein sett satsane lågare, kunne fleire fått kjøpt fri tid til fylkespolitikk, meiner SVs Aud Karin Oen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Kunne heller kjøpt fri fleire

SV meiner det er viktig å kjøpe fri fylkespolitikarar slik at dei har høve til å gjere ein god jobb utan å tape økonomisk på det, men partiet meiner satsane kunne vore sett lågare.

Då kunne ein fordelt pengane på fleire, og kjøpt fri tida til også dei som leier mindre utval, meiner Aud Karin Oen, gruppeleiar for SV i Hordaland fylkesting.

– Du kan ikkje vere leiar i eit utval i eit så stort fylke utan å vere kjøpt fri 100 prosent, seier Oen.

– Så SV meiner at det er betre at fleire får tid til å gjere jobben sin, og at ein heller skalerer ned nivået på godtgjersla.