Hopp til innhold

Politiet vurderer å utvide søket etter Veronica (22)

Det kan vere aktuelt å utvide søket etter Veronica Heggheim Stegegjerdet. Det seier regionlensmann Asle Karoliussen. 22-åringen har vore sakna sidan 25. oktober frå heimen sin i Årøy i Sogndal.

Montasje: Asle Karoliussen og Veronica Heggheim Stegegjerdet

UTAN SPOR: Politiet står framleis utan spor etter den Veronica Heggheim Stegegjerdet (22).

Foto: Heidi Fagna, NRK/ Privat

– Vi utelukkar ingen ting, men skal utvide søket så må det vere etter ei vurdering av kor store sjansane er for å finne Veronica seier Karoliussen. .

SJÅ: Hendingsgangen i forsvinningsmysteriet

Veronica Heggheim Stegegjerdet har vore sporlaust vekke i 14 dagar. Siste sikre kontakt med ho var laurdag 25. oktober. Førre helg endra søket status til søk etter ein omkomen person.

– Vi er godt nøgde med det som blei gjort i helga sett i forhold til leiteaksjonen og omfanget, og vårt ynskje om å få sjekke terrenget som vi no har fått sjekka ut på ein ordentleg og grundig måte.

I dag kjem Kripos til Sogndal for å hjelpe politiet i etterforskinga av forsvinningssaka.

– Vi håpar at vi ut over i veka å få på plass opplysningane og informasjon som kan fortelje oss litt meir om kva som har skjedd.

Då politiet undersøkte bustaden til Veronica Heggheim Stegegjerdet fann dei hunden, katten, bankkortet og mobiltelefonen hennar. Politiet har teke utgangspunkt i kvinna sitt nærområde i søket sitt.

– Vi har framleis eit område igjen som vi må gjere oss ferdige med og det er Barnes-området knytt til fjorden. Det er gjort ein heil del som skal analyserast i Bergen sett i forhold til film og bilete og så har vi det ytre bassenget som står igjen. Det er ein stor jobb som vil ta mange dagar.