Sjå hendingsgangen i Veronica-saka

Politiet står framleis utan spor etter Veronica Heggheim Stegegjerdet. Store leitemannskap har leitt etter 22-åringen som sist vart sett laurdag 25. oktober.

– Så langt så har vi ikkje gjort noko funn, seier regionlensmann Asle Karoliussen.

Sidan tysdag 28. oktober har store leitemannskap søkt etter den sakna kvinna i området kring heimen hennar i Årøy. Både helikopter og miniubåt har vore sett inn i leitinga etter 22-åringen. Mannskapet som har brukt miniubåt og sonar returner no til Bergen for analysere opptaka dei har gjort.

Søk med miniutbåt

MINIUBÅT: Indre deler av Barsnesfjorden er gjennomsøkt med sonar og miniubåt.

Foto: Christian Blom

– Over helga kjem dei tilbake og då vil dei nye søka ta utgangspunkt i punkta og områda som har peika seg ut som interessante når dei har analysert opptaka.

Til no har søka på fjorden vore konsentrert om dei indre delane av Barsnesfjorden. Etter helga blir det og vurdert søk i den ytre delen av Barsnesfjorden.

– Eit slik søk har mannskap sagt vil bli så omfattande, at dei vil bruke fleire dagar på det, seier Karoliussen.

Sjekka ut

Asle Karoliussen

UTAN SPOR: Så langt står politiet utan sport etter den sakna kvinna, seier regionlensmann Asle Karoliussen.

Foto: Heidi Fagna

Torsdag gjekk politiet ut og bad om tips knytt til ein observasjon av ein mørk varebil og tre personar med mykje bagasje ved busstoggen i Årøy same helga som Veronica Heggheim Stegegjerdet forsvann.

– Bilen er identifisert, og personane er sjekka ut. Men vi jobbar med andre observasjonar knytt til bilaktivitet i denne perioden, men det vil vi kome tilbake til.

– Vi har fått inn mykje informasjon og jobbar no med å få verifisert kva observasjonar som faktisk er gjorde. Så snart det er klart så vil vi kome attende til det

Får hjelp av Kripos

Måndag kjem ein person frå Kripos til Sogndal for å hjelpe til i etterforskinga.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

SAKNA: Veronica Heggheim Stegegjerdet (22).

Foto: Privat

– Vi har bede om hjelp frå Kripos til å få gjort ein del analysar knytt til data- og mobiltrafikk. Så får vi sjå om det blir aktuelt å be om meir hjelp seinare.

Vanskeleg for dei pårørande

– Det er klar at med den uvissa som rår når det går så lang tid så er det tungt for dei pårørande. Laurdag skal eg ha eit møte med dei, og reknar med av vi då kjem til å ta dei med ut så på den store aksjonen som blir sett i verk då.

Hjelpekorps frå Røde Kors frå heile fylket stiller laurdag opp i den omfattande leiteaksjonen som er planlagd i Sogndal. Saman med politi og friviljuge skal dei leite etter sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet.

For JA-ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger blei det dagen-derpå, etter at folket sa nei til storkommune i Sogn.
Konkurransetilsynet set foten ned for salet av éin ferjegigant til ein annan. Dei fryktar eit dyrare ferjetilbod om Torghatten får kjøpe opp Fjord1.
Bunadsekspert Bjørg Hovland meiner vi må vere meir opne for å ha ulik bunad, sjølv om den stammar frå same stad.