Hopp til innhold

Politiet vil framleis ikkje seie noko om dødsårsak

Politiet i Sogndal vil framleis ikkje seie noko om kva den førebelse obduksjonsrapporten fortel om dødsårsaka til Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Asle Karoliussen

ETTERFORSKAR BREITT: Regionlensmann Asle Karoliussen seier politiet har breitt fokus i etterforskinga av dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det er av omsyn til etterforskinga, seier regionlensmann Asle Karoliussen.

Fredag vart Veronica funnen omkomen i Barsnesfjorden. 22-åringen hadde då vore sakna i nær tre veker. Tysdag blei det kjent at politiet etterforskar dødsfallet som mistenkeleg.

To spor

Tysdag opplyste politiet gjennom ei pressmelding at dei fram til 14. november hadde handtert saka i to spor. Samstundes som politiet har søkt etter den sakna 22-åringen i hennar nærområde, har dei parallelt gjennomført etterforsking med tanke på å kartleggje kva som kan ha tilstøytt ho.

(SAKA HELD FRAM UNDER VIDEOEN)

Created by InfoDispatcher

Stegegjerdet vart obdusert ved Gades institutt i Bergen i helga. Av omsyn til den pågåande etterforskinga vil politiet så langt ikkje offentleggjere innhaldet i obduksjonsrapporten

– Det får vi kome tilbake til på eit seinare tidspunkt, kva vi eventuelt skal gå ut med av opplysningar.

Etterforskar breitt

Kring 60 personar har vore inne til avhøyr som vitne. Ingen har status som noko anna enn vitne i saka.

– Det viktigaste no blir å halde fokus breitt, og i utgangspunktet ikkje utelukke noko, og vi må jobbe med å kvalitetssikre dei opplysningane vi får.

Mellom 15 og 20 polititenestemenn jobbar no med å få svar på kvifor kvinna drukna, og kva som fekk henne til å reise frå bustaden utan mobiltelefon, kredittkort og hunden hennar.

– Vi har som mål å avklare forhold som kan kaste lys over hendinga og dødsfallet, så får vi sjå i kva grad vi klarar det, og på kva måte vi skal kunngjere det.