Hopp til innhold

Stadfestar at Veronica-saka blir etterforska som mistenkeleg dødsfall

Politiet har teke imot den førebelse obduksjonsrapporten, og stadfestar at dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) vert etterforska som eit mistenkeleg dødsfall.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

UTELUKKAR INGENTING: Politiet etterforskar dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) som mistenkjeleg.

Foto: Halvor Farsund Storvik / Privat / NRK

Politiet har fram til fredag 14. november handtert saka i to spor. Samtidig som politiet har søkt etter den sakna 22-åringen i hennar nærområde, har dei parallelt gjennomført etterforsking med tanke på å kartleggje kva som kan ha tilstøytt henne, opplyser politiet i ei pressemelding.

Stegegjerdet vart obdusert ved Gades institutt i Bergen i helga. Politiet fekk i dag den førebelse obduksjonsrapporten.

Klokka 17.00 vil politiet halde ein pressekonferanse ved Sogndal og Leikanger lensmannskontor.

Kan ikkje konkludere

Politiet understrekar at rapporten og etterforskinga så langt ikkje gir noko klart svar på kva som har skjedd med Stegegjeret. Av omsyn til etterforskinga vil ikkje politiet gi ut nokre opplysningar frå obduksjonen. Av same årsak vil politiet heller ikkje gå ut med dødsårsaka, opplyser politiet.

Politiet kan så langt ikkje konkludere med at det ligg ei kriminell handling bak dødsfallet, og presiserer at så lenge dei ikkje kan konkludere sikkert, er ei straffbar handling ei av fleire moglegheiter.

Det er hovudårsaka til at det vert halde fram med etterforsking av både taktisk og teknisk art.

Vil kartleggje

Føremålet med den vidare etterforskinga er å få klarlagt både hendingsgang og årsaksforhold bak dødsforholdet.

Politiet i Sogndal har så langt vorte supplert med politiressursar frå andre delar av politidistriktet, noko som vil halde fram. Dei har hjelp frå Kripos til analysearbeid, og til teknisk og taktisk etterforsking.

Årøy

BLOMAR: Stegegjerdet vart funne av ein turgåar ved Barsnesfjorden

Foto: Geir Bjarte Hjetland

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Veronica-saken Tidslinje for brødtekst» i nytt vindu