Det er i eit brev til eit advokatfirma at politiet i Florø har skildra svensk-somaliske Abidfatah Ahmed som «Mørkhudet mann (neger) med briller». Ahmed ønskjer ikkje å la seg intervjue på radio, men seier til avisa Firdaposten at han kjenner seg krenkt og såra over karakteristikken til politiet.
Svensk-somalisk
29-åringen er fødd i Somalia og kom til Sverige i 1992. Ahmed er svensk statsborgar, men har dei siste to åra budd i Florø. I dag arbeider han i ei dataverksemd i kystbyen.
No krev Ahmed at politiet ber om orsaking for at dei karakteriserte han som neger.
Beklagar ikkje
Men sjef ved Flora politistasjon, Nils Erik Eggen, ser ingen grunn til å beklage. Han meiner ordet neger var ein tilleggsopplysning for å få fram at det ikkje er snakk om ein søritalienar eller pakistanar, men for å få fram at det var ein person med afrikansk opphav.
Refsar politiet
Antirasistisk senter og Afrikan Youth in Norway refsar politiet i Florø. Leiar i Afrikan Youth in Norway, Lamisi Gurah, reagerer kraftig på at politiet ikkje beklagar personkarakteristikken.
Lamisi Gurah viser til FN-konferansen om rasisme i 2001 som slo fast at ord som neger ikkje skal førekoma i offentlege dokument. Fleire institusjonar har teke følgjene av dette. NRK Østlandssendingen har laga ei ordliste til hjelp for alle som har med eit fleirkulturelt samfunn å gjera. NRK Østlandssendingen bruker ikkje ordet "mulatt", og heller ikkje "neger" eller "framandkulturell" fordi dei meiner omgrepa er negativt ladd og skaper distanse.