Han hadde skader som gjorde at han måtte undersøkjast på sentralsjukehuset først, seier lensmann i Førde, Kjell Fonn.
Mannen har vore svært aktiv i det siste. I påska deltok han i eit tjuveriraid i Fjaler og Gaular, der det var gjort betydeleg skadeverk på både skular og ulike verksemder. Saman med ein annan vart mannen pågripen i ein bil full av tjuvgods.
Stakk av frå sjukehuset
Og han har hatt fleire køyreturar. Natt til tysdag gjorde han innbrot i Naustdal, og kort etter køyrde han ein bil inn i fjellveggen. Etterpå gjekk han i dekning, men i løpet av tysdagen var han nok ein gong på biltur. Den same bilturen som då to kvinner la seg på hjul etter ein ettersøkt Opel. Mannen vart nok ein gong pågripen, men på grunn av krasjen i Naustdal fekk han seg ein tur innom sentralsjukehuset. Der stakk han av i går, truleg rundt 12-13-tida.
Observert utanfor Bergen
Så er han altså mistenkt for å ha teke turen innom garasjen i Førde, der eigaren seinare måtte konstatere at ein Porsche 928 til minst ein million kroner var borte vekk. I går ettermiddag fekk politet beskjed om at den same Porschen var observert på Åsane utanfor Bergen. Vitneobservasjonar tyder på at det var mannen i byrjinga av 20-åra som køyrde.