Hopp til innhold

Politiet har frigjeve namnet på den omkomne

Det var den kvinnelege turistguiden Erika Timoshenko frå Canada, som blei funnen omkomen i fjellet i Flåm måndag kveld.

Leiteaksjon i Flåm etter sakna kvinne

FUNNEN FRÅ LUFTA: Redningshelikopteret frå Florø (biletet) og politihelikopteret deltok i søket, og måndag kveld vart kvinna funnen omkomen.

Foto: Arne Veum

Den kanadiske kvinna på 24 år vart sist sett søndag morgon. Ho kom aldri heim frå fjellturen til Vidmesnosi i Flåm søndag, og vart meldt sakna då ho ikkje kom på jobb måndag morgon.

Vidmesnosi

VIDMESNOSI: Fjellet kvinna skal ha gått på tur i ruvar 1283 meter over havet.

Foto: Arne Veum

Måndag ettermiddag og kveld har store styrker leitt etter kvinna. Like etter klokka 20.00 vart kvinna funnen død.

– Kvinna blei meldt funnen 20.01 av redningshelikopteret, som fann ho på nordsida av Vidmesnosi, som er like i nærleiken av turområdet ho hadde tenkt å gå i, seier operasjonsleiar for politiet, Trond Hatlenes.

Funnen i bratt terreng

Måndag kveld har politiet jobba med å få varsla dei pårørande gjennom den norske ambassaden i Canada og det canadiske politiet. Mest truleg har kvinna falle, ifølgje politiet.

– Vi veit ikkje akkurat kva som har skjedd, men ho vart funnen i eit stygt område, som tilseier at ho kan ha falle. Det var veldig bratt der, og ikkje eit slikt terreng som ein normalt ville ha ferdast i, seier Hatlenes.

Den omkomne har jobba som turistguide i Flåm i fleire turistsesongar, og skal ha brukt fjella i området hyppig.

Leiteaksjon

ORGANISERT SØK: Heile måndag ettermiddag og kveld har store styrker leitt etter kvinna. Utpå kvelden vart ho funnen død.

Foto: ARNE VEUM

Store styrker deltok i leitinga

Det var klokka 12.30 at politiet først melde om leiteaksjonen. Det vart først gjort søk med bakkemannskap frå Røde Kors og Norske Redningshunder. I tillegg har Sivilforsvaret og redningshelikopteret frå Florø delteke i leitinga.

Seinare på ettermiddagen og utover kvelden vart leitemannskap frakta med helikopter opp i fjellet for å leite etter kvinna. Klokka 18.00 vart også eit politihelikopter sett inn i søket.

Den omkomne blir no sendt til Gades institutt for obduksjon, for å kunne fastslå dødsårsaka. Det er usikkert når familien i Canada kan vente å få kvinna heim igjen.

Kvinne sakna Vidmesnosi3