Sauer i elvaSjå bileta: Sjå bileta: Flaum og uver
Sauene hadde blitt overraska av den raskt veksande elva, og kom seg ikkje til land. Både politi, brannvesen og kommunen rykte ut til staden for å få berga dei åtte sauene.
Ved halv ti-tida hadde politiet og ein grunneigar fått på plass ein robåt for å kome fram til dyra. Å ro i den flaumstore elva vart vanskeleg, og båten vart ei stund teken med straumen.
Kom til land sjølve
Sauene la til sist på svøm mot land, og ein av dei vart teken av straumen. Til sist kom alle dyra seg til land sjølve.
- Eg er kjempeletta over at dyra vart berga, og svært glad for innsatsen til politiet og brannvesenet. Det var forferdeleg å sjå dyra stå der, seier bonde Jan Ove Hafstad.
Jølstra er svært flaumstor, og har vakse fleire ti-tals meter i breidda på den flate bøen der sauene stod.