NRK Meny
Normal

Politireforma: Sogn og Fjordane og Hordaland blir slege saman til eit nytt, stort distrikt

Sogn og Fjordane politidistrikt blir lagt ned i si noverande form, og skal slåast saman med Hordaland. Det kjem fram i forslaget til politireform som regjeringa legg fram onsdag.

Operasjonssentralen i Sogn og Fjordane politidistrikt

FLYTTAR: I forslaget til politireform ligg det inne ei samanslåing mellom Sogn og Fjordane og Hordaland. Her frå operasjonssentralen til politiet i Florø.

Foto: Nyhetsspiller

NRK får måndag ettermiddag stadfesta frå fleire hald at regjeringa går inn for at Bergen blir base for politiet både i Hordaland og Sogn og Fjordane. Det vil i praksis seie at det blir éin politimeister for eit nytt, stort politidistrikt.

– Vi har også fått klare signal på at det går mot at ei samanslåing med Hordaland blir løysinga, seier fylkesleiar i Politiets Fellesforbund, Kjetil Drange, til NRK.

Sunnhordland kjem utanom

Ifølgje VG skal talet på politidistrikt i Norge kuttast frå 27 til 12, og det skal vere politisk semje om dette mellom Høgre, Framstegspartiet og Venstre.

Det har vore spekulert i om Sogn og Fjordane ville bli lagt inn under eit nytt stort distrikt i Møre og Romsdal, men dette alternativet er ikkje lenger aktuelt.

Det har vore framme i diskusjonen om Haugaland politidistrikt også skulle inn under Bergen, det skal heller ikkje lenger vere eit alternativ. Det vil i praksis seie at kommunane Stord, Bømlo, Etne, Sveio og Fitjar, som alle ligg i Hordaland ikkje kjem inn under Bergen.

- Det er opp mot 90 prosent av dei tilsette i Sunnhordlandsregionen som ynskjer å gå til Hordaland. Vi må la dei stemmene bli hørt, seier lokallagsleiar Nils Blikra i Politiets Fellesforbund i Haugaland og Sunnhordland.

Kjetil Drange

BERGEN ER BEST: Kjetil Drange i Politiets Fellesforbund trur ei samanslåing mellom Sogn og Fjordane og Hordaland er best. Men han vil helst ha med Sunnhordland også.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Vil ha med begge fylka

– Vi ser fordeler med å bli slått saman med Hordaland for å dra nytte av stordriftsfordelar der nede. Samstundes kunne vi helst sett at vi blei slege saman med heile Hordaland fylke og på den måten fått ein meir lik struktur med tanke på lensmannskontora, seier Drange.

Politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, ønskjer ikkje å seie noko til NRK måndag ettermiddag om dei lekkasjane som har kome fram. Han har tidlegare ytra sterke ønskje om at Sogn og Fjordane skulle få halde fram som eige distrikt.

– Størst fordel med Hordaland

Det er ikkje noko alternativ for regjeringa, som altså vil kutte kraftig i talet på politidistrikt, og som ser fordelar med å leggje Sogn og Fjordane inn under Bergen.

– Av dei skissene som ligg føre, så har eg tru på at det er størst fordelar å bli slege saman med Hordaland. Sjølvsagt vil det vere det same som gjeld at vi får ein god beredskap ute i distrikta, med kvalitet ut i yttarste ledd, seier PF-leiar Kjetil Drange.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser