Hopp til innhold

Pissa på politigard og skremde kyr

Tre unge pissa på gardstunet til ein politimann på Sande og kasta gjenstandar på kyrne. - Eg blir forbanna når slikt skjer, seier politibetjent Thorbjørn Thue.

Torbjørn Thue som driv garden fekk ein mildt sagt brå start på dagen. Han veit ikkje kva gjenstandar som vart kasta mot dyra. Han har ikkje funne synlege skader på dyra.

- Dyra vart frykteleg skremde

- Det var mor mi som ringde meg klokka åtte og fortalde at det ein time tidlegare køyrde ein bil forbi huset og bort noko storfe som eg har gåande innanfor huset. Der stansa bilen, og tre ungdommar gjekk ut. Mellom anna var det ei jente med, og ho kasta gjenstandar på dyra, slik at dei vart frykteleg skremde og sprang opp i skogen.

- Veit kven dei er

Thue har etter litt oppsporing og sjekk av bilnummer funne ut kven som står bak. Det er gamle kjenningar av politiet i slutten av tjueåra frå Sunnfjord. Dei vil truleg ikkje sleppe frå stuntet utan vidare. Thue vurderer sterkt å melde pissinga og steinkastinga.

- Ubehageleg

- Eg låg og sov i huset mitt ved sidan av huset til foreldra mine. Mor mi fekk notert registreringsnummeret på bilen. Foreldra mine synest opptrinnet var ubehageleg. Det er klart at slike ting er med på å skape frykt, fortel Thue.

Han meiner det er heilt greit at folk kjem for å sjå på dyra hans som er av typen Highland Cattle.

- Men då skal dei spørje først, legg ein litt opprørt Torbjørn Thue til.