Roger Lillestøl. Arkivfoto NRK
- Det var slett ikkje for tidleg at ein lokal løpar tukta den gamle storløparen, meiner Lillestøl.
Vanskeleg føre
475 mosjonistar og 30 konkurranseløparar gjekk det 39. Holmøyskarrennet under vansklege føretilhøve, men smørespesialisten Per Knut Aaland fekk likevel ikkje stor fordel av spisskompetansen sin.
Lillestøl hadde kontroll på "Kongen"
Roger Lillestøl tok kommandoen frå starten i Markane, og sidan hadde han hadde kontroll på "Kongen av Holmøyskaret".
Har vunne før, men...
Sigeren søndag er den andre for Roger Lillestøl, som også vann det tradisjonsrike rennet for tre år sidan. Då deltok ikkje Per Knut Aaland.
Greier ikkje kopiere Per Knut
Men ei sigersrekke på linje med den Per Knut Aaland kan vise til, er slett ikkje å tenke på, meiner Roger Lillestøl.
Rett frå Birken til siger
Kristin Hatledal, Markane, var raskaste kvinna i Holmøyskarrennet. Ho kom rett frå andreplass i sin klasse i Birkebeinerrennet laurdag.