Hopp til innhold

Per gir kjendisane skulda for vegetartrend – trur det er eit blaff

FØRDE (NRK): Ferske tal syner at folk et mindre kjøt, medan salet av vegetarprodukt har eksplodert. Bonde Per Ravndal håpar det er ein trend som går over.

Per Ravndal, bonde i Sundsdalen

HAR TRUA: Bonde Per Ravndal i Sundsdalen har trua på ei framtid for kjøtproduksjon.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– No har det vore mykje fokus på å ete mindre kjøt, og mange kjendisar snakkar om det. Det kan fort vere eit blaff som går over, seier bonde Per Ravndal i Sundsdalen i Førde.

Han har både sau og ammekyr, og satsar stort på kjøtproduksjon. Han blir ikkje veldig begeistra av å høyre dei ferske salstala til Norgesgruppen.

Kine Søyland er kommunikasjonssjef i Norgesgruppen, som eig Kiwi, Meny, Spar og Joker. Når dei butikkane skal summere opp 2018, ser dei altså at salet av raudt kjøt er på veg ned.

– Heilt overordna ser vi på tvers av kjedene våre at kjøtforbruket går ned. Det som er interessant er at forbruket av vegetar- og vegansk mat har ein kraftig auke i same periode, seier Kine Søyland.

Kine Søyland

FORSIKTIG NEDGANG: Kine Søyland hos Norgesgruppen fortel at dei opplever ein forsiktig nedgang i salet av raudt kjøt.

Foto: Norgesgruppen

– Det skal seiast at det førebels er tale om ein forsiktig nedgang, men vi merkar nok at det ser ut til å vere ein trend, ja.

Animalia AS er eigd av bondesamvirket Nortura, og er kanskje dei i Noreg som har best oversikt over kjøtforbruket her i landet. Deira ferskaste totaloversikt er frå utgangen av 2017, og syner ein forsiktig nedgang. Tala frå Norgesgruppen kan tyde på at trenden held fram.

Anja Bakken Riise i Framtiden i våre hender tykkjer det er bra at folk et mindre kjøt.

– Kjøttproduksjon står for ein stor del av klimagassutsleppa i verda, og det er positivt for miljøet at folk no blir meir opptekne av å redusere kjøtinntaket sitt, seier Riise.

Kjøt på lager hos Nortura i Førde

MYKJE PÅ LAGER: Forbruket av svinekjøt er på veg ned, og hos Nortura i Førde heng det mykje kjøt på lager.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Landbruksministeren: – Kjøt er bra!

Landbruksminister Bård Hoksrud (Frp) ser ingen grunn til at folk skal ete mindre kjøt, tvert om håpar han folk vil velje meir norsk kjøt i framtida.

– Folk må jo få ete det dei vil, men eg er oppteken av at norsk kjøtproduksjon er best i verda på å bruke lite medisinar, og det er veldig god dyrevelferd her i landet. Sjølv tykkjer eg kjøt er veldig godt, og at det er mange gode norske kjøtprodukt, seier Hoksrud.

Han er einig med bonde Per Ravndal at trenden med å ete mindre kjøt kjem til å snu.

– Det er jo slik med mat at trendar kjem og går, og så snur det igjen, seier landbruksministeren.

Anja Bakken Riise er leder i Framtiden i våre hender

BRA: Anja Bakken Riise i Framtiden i våre hender tykkjer det er bra at kjøtforbruket går litt ned.

Foto: Selma Joner / NRK

– Kjøtforbruket vårt er ikkje berekraftig

Men leiar i Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise, trur ikkje trenden vil snu. Tvert om trur dette berre byrjinga på ei utvikling der folk vil ete stadig mindre raudt kjøt.

– Å ete så mykje kjøt som har gjort i Noreg er ikkje berekraftig, så eg håpar og trur at denne trenden vil halde fram, seier ho.

Bonde Per Ravndal er ikkje uroa for framtida, han trur nordmenn vil ete kjøt så lenge han lever.

– Å produsere kjøt på norske ressursar må jo vere bra for verda og for miljøet. Her brukar vi beiteressursar og dyra har det bra.