Hopp til innhold

Denne heisen kosta nær ein halv million meir enn planlagt

Uvisse om pengar til drift, kostnadsprekk på grunn av nye krav til heis, råteskader og utskifting av leidningsnett har ført til økonomisk trøbbel for heilt nytt krigsminnesenter.

Heissjakt utanfor Måløyraidsenteret

KOSTBART: Heisen her vil koste 1,740 milionar, vel 440 000 meir enn planlagt.

Foto: Eva Westvik / NRK

Medan bygginga av Måløyraidsenteret er i gang, er det uvisst om det kan drivast av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane.

Etter årevis med pengejakt er Måløyraidsenteret under bygging, planen er å opne til forsommaren.

Men det er uvisse om sjølve drifta. Musea i Sogn og Fjordane er av Måløyraidsenteret tiltenkt oppgåva, og ei intensjonsavtale vart underskriven i 2013. Men føresetnaden er at ein får fullfinansiert drifta gjennom auka løyvingar.

Harry Mowatt

TRENG PENGAR: Styreleiar i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane treng pengar om Måløyraidsenteret skal driftast.

Foto: Rune Fossum / NRK

Styreleiar i Musea i Sogn og Fjordane, Harry Mowatt, seier han gjerne vil ha senteret i gang:

– Men då må finansieringa på plass. Vi treng vel 2,5 millionar kroner årleg. Om ikkje kommune og fylke finn pengar, kjem det heller ikkje pengar frå staten. For vår del står saka i stampe, seier Mowatt.

– Rart av politikarane

Dagleg leiar i Stifitinga Måløyraidsenteret, Helge Hjelle, vil ikkje kommentere saka utover å syne til intensjonsavtalen. Terje Sølvberg i Måløyraidsenteret seier dei kan opne utan hjelp frå Musea, men at ein treng ei langsiktig løysing.

– Eg synest det er rart at musea ikkje kan få pengar. Adressa må gå til fylkespolitikarane og fylkesadministrasjonen. Stat og kommune har gjort sitt.

Kva skjer med Måløyraidsenteret om det ikkje kjem pengar?

– Då må vi gå andre vegar, vi har eit budsjett alt no med mindre rammer. Det må greie seg fram til vi når målet om at Musea tek over, seier Sølvberg.

Terje Sølvberg

HAR KJEMPA: Terje Sølvberg i Måløyraidsenteret har kjempa i årevis for å få senteret på plass, no er det snart opning.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Kostar nær ni millionar kroner

Måløyraidsenteret skal byggast til minne om det allierte åtaket på Måløy under andre verdskrigen. Staten betalar 5,3 millionar kroner, fylkeskommunen 800 000, og Vågsøy kommune 1,3 millionar. DNB – stiftinga har gått inn med 1 million.

Budsjett- måløyraidsenteret

Dette er budsjettet som er framlagt for politikarane i Vågsøy frå Måløyraidsenteret.

Foto: Skjermdump

Måløyraidsenteret budsjetterer med 1,8 millionar i inntekter for å klare drifta utan Musea i Sogn og Fjordane, då ligg det også inne 600 000 kroner årleg i tilskot frå Kulturdepartementet. Problemet er at denne summen er gitt til Musea i Sogn og Fjordane, øyremerka til senteret, og står no på musea sin konto.

– Om Måløyraidsenteret skal få 600 000 frå oss utan at det er vi som driv senteret må bli opp til Kulturdepartementet, i så fall blir vi mest som ei postkasse, seier Mowatt.

Avduking av Martin Linge statue

AVDUKING: Slik såg det ut i mai 2015, då både dåverande ordførar Morten Hagen (H) og statssekretær Himanshu Gulati (Frp) avduka denne figuren og dermed la grunnsteinen for det komande Måløyraidsenteret.

Foto: Bjarne Eldevik

Byggeoverskridingar og pengekrav

Helge Hjelle

INGEN KOMMENTAR: Dagleg leiar i Måløyraidsenteret, Helge Hjelle, vil ikkje kommentere saka utover å syne til intensjonsavtalen som han steller seg til.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I haust har det vore retta pengekrav mot Vågsøy kommune frå Måløyraidsenteret. Senteret skal byggast i "Heradsheim" det tidlegare rådhuset i Måløy. Vågsøy kommune eig bygget, men stiftinga Måløyraidsenteret skal få ruste det opp og bruke det utan å betale husleige.

Den gamle trebygningen var i dårlegare stand enn venta. Leidningsnett må skiftast ut, i tillegg kjem råteskader.

Måløyraidsenteret krev no kommunen for 273207,- eks. moms for forsømt vedlikehald.

I tillegg har bygginga av heis blitt vel 440 000 kroner dyrare enn venta. I eit brev til kommunen skriv Måløyraidsenteret at årsaka er byggekrav frå kommunen som gjer at senteret får meirkostnader ved å bygge heisen. Senteret hadde opprinneleg søkt om ei rimelegare løysing, men fekk avslag.

Totalt har stiftinga bedt kommunen om over 700 000 kroner.

Kommunen er på si side kritiske til at byggeoppdrag ikkje er lyst ut på anbod. Medan stiftinga meiner dei ikkje er pålagde dette.

Heradsheim i Måløy

MÅLØYRAIDSENTER: Måløyraidsenteret er under bygging og opnar til sommaren.

Foto: Eva Westvik / NRK

Ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad (Ap) seier formannskapet førre veke vedtok å løyve 100 000 kroner ekstra til heis.

Kristin Maurstad

VIKTIG: Ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad (Ap) trur Måløyraidsenteret kan bli ein god attraksjon i Måløy.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Andre ekstrakostnadar avviser formannskapet. Bygget vart tatt over som det stod, og ein må vente seg utbetringar på eit så gamalt bygg, seier Maurstad.

Terje Sølvberg vil ikkje kommentere saka før den skal til kommunestyret.

Fylket set foten ned

Karen Marie Hjelmeseter

VIL IKKJE: Leiar i hovudutval for kultur og næring i fylkestinget, Karen Marie Hjelmeseter (Sp) lovar ikkje pengar.

Foto: Senterpartiet

Leiar i hovudutval for kultur og næring i fylkestinget, Karen Marie Hjelmeseter (Sp) vil ikkje love pengar til Musea i Sogn og Fjordane for å drive Måløyraidsenteret:

– Vilkåret då vi løyvde 800 000 til bygginga var at vi ikkje skal inn med driftsmidlar seinare.