Hopp til innhold

- Ei viktig brikke i motstandskampen

MÅLØY: Raidet mot Måløy var første gongen dei allierte testa eit angrep med alle tre våpengreinene. Det gav verdifull erfaring seinare i andre verdskrigen.

Måløyraidet- Skaarbua brenn

MÅLØYRAIDET: Store delar av Måløy sentrum stod i brann då dei allierte trekte seg ut etter Måløyraidet. Tilbake låg mange drepne og skadde, fleire båtar var bomba og produksjonsanlegg for sildolje var øydelagde.

– Raidet vart eit skuleeksempel på smidig og effektivt samarbeid mellom dei tre våpengreinene. Aksjonen vart i admiralitetet omtalt som «the perfect raid», seier Terje Sølvberg.

– Måløyraidet er ei viktig brikke i motstandskampen, seier han.

Lokalhistorikaren er overtydd om at aksjonen mot Måløy tredje juledag 1941 hadde stor militær betydning under andre verdskrigen. I 1941 gjekk Tyskland frå siger til siger, og britane med statsminister Winston Churchill i spissen trengde eit tysk nederlag.

– Engelskmennene fann ut at det måtte smelle kraftigare for å få bevegelse i dei tyske armeane, og norskekysten peika seg ut. Så ville dei prøve ut Combined Operation i full skala. Og Måløy passa av fleire grunnar godt strategisk, seier Sølvberg.

Hitler rusta opp i Norge

Måløyraidet vart gjennomført med allierte stridskrefter frå Storbritannia, Canada, New Zealand, Australia og Norge.

Terje Sølvberg

ELDSJEL: Terje Sølvberg er initiativtakar til Måløyraidsenteret, og meiner Operation Archery fekk store ringverknader under andre verdskrigen.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Dei allierte aksjonerte også i Lofoten, bomba den tyske flyplassen på Herdla og var aktive med krigsskip i Nordsjøen og Norskehavet.

Historikarar som Olav Riste og Magne Skodvin har påpeikt at dette fekk Hitler til å sjå eit nytt trugselbilete i Norge. Tyskarane etablerte Festung Norwegen og flytte fleire soldatar til Norge.

Slik gjekk det til at Hitler stod fast i Norge med 365.000 soldatar, verdifullt krigsmateriell og store marinestyrkar, då dei allierte sette i verk invasjonen i Normandie sommaren 1944.

Måløyraidet - fanga nazijente blir førd ombord i britisk krigsskip

TOK FANGAR: Britiske soldatar tok med seg fire nazistar frå Måløy under aksjonen, mellom anna to ordførarar. Her blir ei jente ført ombod i eit krigsskip.

Kan ha samanheng med D-dagen

– Måløyraidet var ei stor hending, som gjorde at tyskarane måtte brukte større ressursar i Norge, stadfestar Ivar Kraglund.

Han er fungerande sjef ved Norsk Hjemmefrontmuseum, og meiner Måløyraidet først og fremst kom som eit resultat av at dei allierte ønskte å teste eigen kapasitet –

Ivar Kraglund

IKKJE OVERVURDERE: Amanuensis Ivar Kraglund meiner Måløyraidet først og fremst var ei brikke i eit større spel.

Foto: Privat

i tillegg til å ikkje la tyskarane kjenne seg for trygge.

I ei bok frå 2011 meiner forfattar Ken Ford at dei allierte under Måløyraidet fekk erfaring dei nytta seg av under landgangen i Normandie, og at fleire av soldatane hadde hausta verdifull røynsle frå operasjonar langs norskekysten.

– Kan det nesten ha vore ei form for generalprøve før D-dagen?

– Det ville vere å ta ekstremt hardt i. Desse store raida gjekk føre seg i ein periode, og då stort sett i 1941, seier Kraglund.

– Eit solid nålestikk mot tyskarane

Han meiner Operation Archery er ei brikke i eit stort spel, men at ein ikkje skal overvurdere betydninga i krigshistorisk samanheng.

– Å okkupere Norge kosta tyskarane store ressursar, det er det ingen tvil om. Okkupasjonsstyrken var ikkje proporsjonalt med landarealet, seier Kraglund.

– Men aksjonen var eitt av fleire forsøk på å teste den allierte kapasiteten. Det var eit solid nålestikk som sa at tyskarane ikkje kunne ta det okkuperte området for gitt. Og så fekk dei allierte erfaring med Combined Operation, seier han.