NRK Meny
Normal

Dei har hatt mange nedturar - no trur dei på Måløyraidsenter i 2016

Måløyraidsenteret kan stå klart til opning i samband med 75-årsjubileet i 2016, trur forkjemparane etter støtte frå Kulturkomiteen på Stortinget.

Terje Sølvberg, Ragnar Ulstein og Helge Hjelle.

HAR FÅTT ATT TRUA: Terje Sølvberg (t.v.) og Helge Hjelle (t.h.) har kjempa i mange år for Måløyraidsenteret. I midten krigsveteranen og historikaren Ragnar Ulstein.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Forkjemparane for senteret til minne om det allierte åtaket på Måløy under andre verdskrigen har i årevis vore på pengejakt.

No støttar Stortinget sin kulturkomite opp om prosjektet. Dermed kan ein del av krigshistoria kome fram i lyset.

Det var dramatiske hendingar som fann stad i Måløy 3. juledag 1941.

576 allierte kommandosoldatar med støtte frå både luft og sjø, inntok tyskokkuperte Måløy. Minst 55 tyske og 18 allierte soldatar mista livet, mellom dei kaptein Martin Linge.

73 år seinare er det ein annan kamp som føregår. Nemleg å sikre støtte til å byggje eit senter til minne om Måløyraidet.

Måløy i brann etter Måløyraidet

MÅLØY I BRANN: Store delar av Måløy vart sett i brann under raidet i jula 1941.

Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

– På tide med avklaring

Svein Harberg (H) er leiar av kulturkomiteen på Stortinget. Fredag gjekk komiteen samrøystes inn for ein merknad som seier at regjeringa snarast må avklare om det er mogeleg med statleg deltaking i finansiering av senteret. Forsvarsdepartementet har alt lova 3,3 millionar.

– Folk frå Måløy har over tid fortalt oss om den innsatsen dei no vil legge ned for dette senteret, og vi følte at det var på sin plass å få avklart korleis vi kan bidra til det. Det er på tide at vi avklarar vår deltaking frå Kulturdepartementet, seier Harberg.

– Kor tungt veg ei slik bestilling frå Kulturkomiteen?

– Når ein samla komite på denne måten uttrykkjer eit ynskje så betyr det mykje for departementet. I tillegg til dette vil eg ta det i mine samtalar med statsråden, slik at vi er sikre på at dette blir fylgt opp.

Svein Harberg, Høyre

POSITIV TIL PLANANE: Svein Harberg (H) er leiar av Kulturkomiteen på Stortinget.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

– Mange bomturar, men...

Så tidleg som i 2006 fekk senteret ein million kroner frå Sparebankstiftelsen DNB. Desse pengane var trekte tilbake i 2012 fordi dei ikkje greide å stable på beina eit spleiselag. Men desse pengane kan kome på ny, seier administrerande direktør André Støylen i stiftinga.

– Vi har tidlegare gitt ei gåve til senteret, men den vart trekt tilbake fordi det tok for lang tid å få realisert det. Det vi har signalisert no er at dersom den offentlege finansieringa elles er på plass så vil vi sjå på saka på ny.

I så fall manglar det 2,8 millionar kroner. Og det ber altså kulturkomiteen departementet om å sjå nærmare på. Terje Sølvberg er lokalhistorikar frå Måløy. Han har kjempa for senteret heile vegen.

– Vi har vore skuffa, vi har vore i mørkerommet mange gonger. Men som eg sa i radio ein gong: Er det bomturar så mønstrar vi på igjen og går til havs og prøver å få snøret i botnen.


For trass i fleire framstøytar har ikkje Sogn og Fjordane fylkeskommune funne råd til å støtte senteret. Difor var gleda stor då Stortinget var meir positive.

– Eg synest det er veldig positivt sett at vi kom frå det mørke fastlandet i Sogn og Fjordane der ingen ville vere med og ha noko med oss å gjere. Så kom vi til Oslo og Stortinget og treffer positive folk som sette av tid til å høyre og sjå det vi hadde å legge fram, seier Sølvberg.

Lingemonumentet i Måløy

MONUMENT: I Måløy står dette monumentet over Martin Linge, som fall i Måløyraidet.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Håpar på fylkeskommunen

Sølvberg takkar stortingsrepresentant Bjørn Lødemel og generalsekretær Lars Arne Ryssdal i Høgre for hjelpa. Håpet er at senteret skal vere opningsklart i samband med 75-årsjubileet i 2016.

Det håpar også Svein Harberg i kulturkomiteen. Men då vil han helst ha fleire med i spleiselaget.

– Vi har skrive at vi håpar at ei avklaring kjem raskt, gjerne slik at vi kan få til noko i 2016. Men no går tida fort. Staten kan ta det åleine, men det er alltid enklare når dei regionale og lokale styresmaktene er med, og eg håpar fylkeskommunen vil sjå på det ein gong til.

Leiar Nils Gjerland i fylket sitt hovudutval for kultur har til no ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.