Bremanger er ein av kommunane som den siste tida har fått kritikk for dårleg økonomisk styring av kommunale byggeprosjekt.
Får gjennomgå for økonomisk rot
Dei siste dagane har kommunane Askvoll og Bremanger fått gjennomgå kraftig for økonomisk rot. I Askvoll har Fylkesmannen avdekka 55 prosjekt der investeringane ikkje var fullfinasierte. Og tysdag etterlyste Fylkesmannen meir aktivitet frå dei kommunale kontrollutvala. Det har ikkje lukkast oss å kome i kontakt med leiararen for kontrollutvalet i Askvoll, men i Bremanger er Røys samd med Fylkesmannen.
Nytt for ordføraren
Men for ordføraren i Bremanger, Kåre Olav Svarstad, er det nytt at pengemangel gjer at kontrollutvalet ikkje får gjort jobben sin.