Hopp til innhold

Patronen sendte Sogndal til himmels

Sogndal fekk pusterommet dei hadde håpa på etter 1–0 heime mot Vålerenga.

Hannu Patronen og Per Egil Flo.

ARKIVFOTO: Hannu Patronen (t.h.) vart mannen som sytte for tre kjærkomne poeng mot Vålerenga.

Foto: Rune Sjøberg

Med siger til heimelaget er avstanden til Sandnes Ulf på nedrykksplass vere fem poeng. Avstanden til Fredrikstad på kvalifiseringsplass fire poeng.

Hannu Patronen vart dagens store helt med scoringa tre minutt på overtid. Finnen stanga inn Ørjan Hopen sin presise corner og sytte for tre kjærkomne poeng for heimelaget.

Spelet denne måndagskvelden bølgja fram og tilbake, og det var gjestene som stod for dei største sjansane. Når dei først kom. For det skulle gå ein halvtime av kampen før pulsen steig nokre hakk hos dei frammøtte på tribunen.

Men stussen til Morten Berre på eit Bojan Zajic-innlegg tok ein god Kenneth Udjus i Sogndal-buret seg meisterleg av.

God Udjus

Ti minuttar seinare noterte Sogndal seg for sin første store sjanse. Ørjan Hopen fann Ricardo Santos, som la tilbake til Tonny Brochmann. Skotet frå dansken strauk utsida av stolpen.

Etter ein tam start på oppgjeret, tok oppgjeret seg opp. Det hindra likevel ikkje laga i å gå til pause etter 45 mållause minutt.

Nemnde Udjus varta opp med nok ei strålande redning på Chuma Anene sitt forsøk seks minutt etter kvilen. Returen sette Torgeir Børven i nettveggen.

Pressa på mot slutten

Utover omgangen pressa heimelaget på, utan å komme til dei heilt store målsjansane. I eit forsøk på å sikre seg alle poenga kasta gjestene frå Oslo innpå debutant Tosaint Ricketts med halvtimen att å spele.

Med 17 minuttar att av oppgjeret, fekk Malick Mane ein kjempesjanse til å sette inn si tredje scoring for sesongen. 24-åringen lurer seg forbi tre motspelarar, men skotet frå skrå vinkel går rett i klypene til Lars Hirschfeld i Vålerenga-buret.

På tampen av kampen kom både Gustav Valsvik og Azar Karadas nærme scoring for heimelaget, men avslutningane gjekk anten i ein motspelar eller over mål.

Men heimepublikumet måtte altså vente 93 minuttar før kampens første scoring kom på kampens siste heading.

Saka blir oppdatert.