Den nye terminalen i Måløy vart opna i mai i fjor, og har heilt sidan starten slite med å få drifta i økonomisk ballanse. I mars i år sa fylkespolitikarane nei til å gje 700.000 kroner ekstra i årleg driftstilskot, og selskapet Nordfjord havn hadde to val: sal av terminalen, eller nytt forsøk på å ordne økonomien. Det er det siste dei no prøver.
Ville ført til takstauke
I den pakken inngår 200.000 som årlege tilskot frå Fylkesbaatane, og 200.000 gjennom ekstra takstauke på båtbilletten. Denne takstauken utgjer 10 kroner pr. billett. Ein slik takstauke vil få negativ verknad for trafikken, hevdar Fylkesbaatane.
Signaleffekt ovanfor andre terminalar
200.000 i årlege tilskot bli to millionar på 10 år, og vil forverre Fylkesbaatane sitt økonomiske resultat. Og sist men ikkje minst vil ekstra støtte til terminalen i Måløy få signaleffekt og konsekvensar i forhold til kaier og terminalar andre stader i fylket, påpeikar Fylkesbaatane.
Fylkesrådmann Per Drageset seier dette betyr at fylkeskommunen ikkje går vidare med saka.
Rekninga over på passasjerane
Passasjerane risikerer å måtte betale heile rekninga når Fylkesbaatane og fylkeskommunen ikkje vil gje tilskot til drifta av hurtigbåtterminalen i Måløy. Det seier styreleiar i Nordfjord Havn, Magnar Aasebø. Han seier dei har få alternativ. - Det er lite populært å legge på ei passasjeravgift, så det er ikkje noko vi ønskjer, seier han.
Forslaget om å leggje på ei passasjeravgift på 10 kroner billetten sa Fylkesbaatane klart nei til. Men Aasebø seier at dei kan legge på ei avgift uansett om Fylkesbaatane vil det eller ikkje. Om naudsynt vil dei la passasjerane dekke heile summen på 400.000 kroner i året. Det einaste andre alternativet dei har er å selje terminalen.
Fylkesbaatane ynskjer ikkje å kommentere saka.