Hopp til innhold

Pasient låg 17 dagar utan å dusje – og fekk mat han ikkje skulle ha

Pasienten fekk korttidsplass på sjukeheimen for å komme til hektene att. I staden hamna pasienten på gangen, fekk mat han ikkje tolte og vart sjeldan vaska og skifta klede på.

Lisa Førde Refsnes

UVERDIG: Pasientombod Lisa Førde Refsnes seier det er viktig at folk seier ifrå, slik at ein for framtida kan unngå at slike hendingar skjer.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

– Dette er av dei mest graverande sakene vi har fått inn til oss, seier pasientombod i Sogn og Fjordane, Lisa Førde Refsnes.

Pasienten var utskriven frå sjukehus, skulle til rehabilitering og hadde trong for mykje hjelp, ro og kvile. Men på sjukeheimen var det fullt, dermed vart pasienten liggjande på gangen i vekevis.

Tilstanden forverra seg under opphaldet på sjukeheimen, og pasienten døydde ei tid etter på sjukehus. Fylkeslegen i Sogn og Fjordane har retta sterk kritikk mot sjukeheimen og kommunen etter at pasienten døydde.

Tilstanden forverra seg raskt

Pasientombod Refsnes seier dei pårørande har fortalt om svikt over heile linja og at pleia som pasienten fekk både var uverdig og uforsvarleg.

– Pasienten vart liggjande på gangen, sjølv om han uttrykte at han vart trist og at det både var sjenerande og støyfullt å liggje der. Det gjekk 17 dagar før pasienten fekk dusje, og han måtte sove og gå i dei same kleda over eit for langt tidsrom. Slik dei pårørande erfarte det, var det ingen plan over pleietenestene, seier Refsnes.

Tilstanden til pasienten vart raskt forverra. Dei pårørande tok difor kontakt med sjukeheimslegen for å få hjelp.

– Men der vart dei avfeia med at legen berre hadde fire minutt til rådvelde for å snakke med dei, seier Refsnes.

Fekk mat han ikkje skulle ha

Pasienten skulle av medisinske grunnar ha ein spesiell type mat, noko det var gitt tydeleg beskjed om, både skriftleg og munnleg. Likevel opplevde dei pårørande at det stadig var sett fram mat som pasienten ikkje skulle ha.

Fylkeslegen har konkludert med at pasienten ikkje fekk forsvarlege tenester.

– Dette handlar om individualisert omsorg for dei aller svakaste, seier fylkeslege Per Stensland.

Kjenner seg ikkje att i all kritikken

– Vi kjenner oss ikkje att i alt. Men vi tek kritikk. No går vi gjennom alle rutinar for at ein ikkje skal kunne oppleve noko slikt igjen, seier leiaren for pleie og omsorg i den aktuelle kommunen, og vedgår at dei burde løyst situasjonen annleis.

– I ettertid ser vi at pasienten burde vore att på sjukehuset, men dette er ei vurdering frå gong til gong, seier leiaren.

Pasientombod Refsnes påpeikar at ombodet har opplevd ein auke i klager dei siste fire åra.

– Spesielt eldre er redde for å klage og fryktar represaliar. Men dei må tore å seie ifrå når det er noko som ikkje er som det skal, seier Refsnes.