Hopp til innhold

Åtvarar mot ras av Ap-utmeldingar

Partiveteranar trugar med å levere inn æresmedlemsskapet sitt dersom partiet ikkje snur i sjukehussaka.

Arne Sanden

ÅTVARER EIGE PARTI: Ap-ordførar Arne Sanden i Lærdal.

Foto: Simon Solheim / NRK

Liv Signe Navarsete

STILLER ULTIMATUM: Sp-leiar Liv Signe Navarsete.

Foto: Lise Åserud / Scanpix
Bente Øien Hauge

ROSAR NAVARSETE: Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus.

Foto: Privat

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete seier no klart at ho ikkje vil sitje i ei regjering som vil leggje ned lokalsjukehus.

Opprør under oppsegling

Arbeidarparti-bastionen Årdal er det no eit grasrotopprør under oppsegling som protest mot eige parti.

– Vi er kjende med at det sentrale partikontoret har fått telefonar frå partiveteranar i Årdal som vil levere tilbake sitt æresmedlemsskap i Arbeidarpartiet viss utviklinga blir slik som det no ligg an til.

Les også:

Det seier Ap-ordførar Arne Sanden i sjukehuskommunen Lærdal. Han trur opprøret strekk seg langt utover eit par frustrerte partiveteranar. Også blant Ap-ordførarane er det opprør under oppsegling. Protestane blant fotfolket aukar i stadig sterkare grad, ifølgje Sanden.

– Opprøret er nok betydeleg og medlemmane i Arbeidarpartiet lokalt er sjølvsagt rysta over dei framlegga som er komne og som har fått støtte frå helseministeren og ikkje minst i forhold til dei uttalane som statssektretær Roger Ingebrigtsen har komme med. Det er frustrasjon som etter kvart utviklar seg til eit sterkt opprør, åtvarer Arne Sanden.

Honnør til Navarsete

Sjukehusaksjonist Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus er på si side letta over at sambygding og Sp-leiar Navarsete er klar i talen. Øien Hauge rosar Navarsete for sitt ultimatum til eiga regjering i sjukehusdebatten.

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete får ros frå lokalsjukehusforkjemparane for sitt ultimatumkrav i sjukehusdebatten. Eit ultimatum også Arne Sanden stiller seg bak.

– Eg vil gi stor honnør til Liv Signe Navarsete for at ho no er så tydeleg på at regjeringserklæringa må overhaldast. Det er utruleg viktig at regjeringspartiet er så klare på at lokalmedisinske senter ikkje er det same som lokalsjukehus. Det er viktig at den diskusjonen no kjem opp på topplanet i norsk politikk, og ikkje berre rundt om kring i dei ulike helseføretaka.