Hopp til innhold

Parkeringsvakt påkøyrd – frakta til sjukehus

Ein av parkeringsvaktene på Landsskyttarstemnet blei påkøyrd av ein bil.

Påkøyrsel

MARKERT: Krysset viser kor personen vart påkøyrt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Politiet på staden melder at personen er frakta til sjukehus med det som truleg er lettare skader.

– Det skjedde på parkeringsplassen og vi fekk meldinga klokka 08.20. Det er ikkje livstruande skader, seier Odd Arve Solvåg, operasjonsleiar på politiet sin operasjonssentral i Florø.

Den som blei påkøyrt, ein mann i 60-åra, er køyrt til Førde sjukehus for behandling.

Fleire tusen skyttarar er samla i Førde denne veka, grunna Landsskyttarstemnet.

Kråkenesmarka