Sammy Sager torer knapt tru det. Endeleg er han framme i Noreg, og på plass på rommet sitt på verdsgymnaset, United World College i Fjaler. Sammy har brukt lang tid på å kome seg til Noreg, men først i torsdag kveld nådde den 17 år gamle palestinske guten målet sitt.
Vart skoten på
Sammy kjem frå Gaza. I over to veker har han prøvd å kome seg over til israelsk side, utan hell. Guten vart til og med skoten på av israelske grensevaktar, då han prøvde å passere grensa i bil.
Sammy fortel at han klarte å passere grensa to gonger. Men kvar gong vart han sendt tilbake av israelske soldatar. 17-åringen var redd, men ønskjet om å kome seg til Fjaler gjorde at han aldri gav opp.
- Eg tenkte at stipendet eg har fått er veldig verdifult. Og eg tenkte på dei gode venene min. Eg kunne rett og slett ikkje gi opp, fortel Sammy.
Skal kvile og feste
No er Sammy glad han ikkje gav opp. Då 17-åringen endeleg fekk lov til å passere grensa, gjekk resten av turen til Fjaler smertefritt. No er han lukkeleg over at han er attende på skulen der han har studert i to år, og han har venene sine rundt seg.
- No skal eg kvile meg etter ein lang tur, så skal vi ha fest, fortel ein glad Sammy Sager.