Hopp til innhold

På søndag kan dei tape 4,5 mill

Når Sogndal møter Brann til kamp om eit vidare liv i eliteserien på søndag, ligg mellom to og fire og ein halv millionar kroner i potten.

Sogndal-spelaran flokkar seg rundt dommar Per Ivar Staberg.

SPELARLØNER: Spelarane blir dei første som merkar det økonomisk om Sogndal rykker ned.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Det er mindre skilnad enn det har vore tidlegare når det kjem til medieinntektene. Det andre elementet er kampdagsinntekter. Der håpar me at me har gjort grep undervegs som gjer at me er betre rusta neste gong me er i 1. divisjon enn sist gong me var der i 2010, seier dagleg leiar, Egil Mundal.

Har to budsjett

Egil Mundal

ALT Å SPELE FOR: - Me skal klare det, men må planlegge for alt, seier dagleg leiar i Sogndal, Egil Mundal.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Som vanleg har han levert to ulike budsjett til styret for 2013. Eitt med utgangspunkt i den divisjonen dei er i, og eitt med utgangspunkt i den divisjonen dei kan havna i. Det siste budsjettet satsar han på å kaste i boset søndag kveld.

- Vårt utgangspunkt er at dette skal me klara, men me må ha planar for alt, seier han.

Mindre tv-pengar

Mundal kan ikkje vera heilt sikker på kor stor skilnaden blir, fordi 2013 er året den nye medieavtalen trer i kraft. Kor stor skilnaden mellom eliteserie og 1. divisjon blir er både styrt av korleis avtalen blir innretta, men også etter korleis laget gjer det reint sportsleg.

Driftsinntektene i Sogndal Fotball er hovudsakleg delt i tre.

  • Medieavtalar: Det dei ulike mediekanalane betalar for å overføra bilete og lyd frå kampane på ulike plattformer.

- Skilnaden på divisjonane er mellom ein og to og ein halv millionar kroner. I dag har me netto ligg over fem millionar etter at vår del av felleskostnadene er trekt frå, seier Mundal.

Skilnaden vert mindre enn tidlegare, fordi klubbane har vorte samde om at klubbane nede på tabellen i Eliteserien skal få mindre, medan topplaga i 1. divisjon skal få meir.

  • Kampdagsinntekter: Bilettsal, kiosksal, losjer og arrangment på kampdagen.

- Skilnaden i dag samanlikna med då me var i 1. divisjon i 2010 er om lag ein og ein halv million kroner. Men me håpar at satsinga får på familiesegmentet, studentgrupperingar og ikkje minst aktivitet og tiltak rundt kampane gjer at Fosshaugane Campus skal vera ein god møteplass uansett kven som er motstandar.

  • Marknadsinntekter: Pengar frå sponsorar som Sparebanken Vest, Lerum og Sognekraft.

- Der er me heldige. 99 prosent av støttespelarane våre bidreg med det same uansett kva divisjon me er i, seier Mundal.

Motviljen mot å skaffe seg store, nasjonale sponsorar har den ulempa at klubben ikkje kan maksimere inntektene sine i periodar med sportsleg suksess, men betalar seg i det øyeblikket dei rykker ned i 1. divisjon.

(Artikkelen held fram under biletet)

Saftkokaradn

PUBLIKUM: Inntektene frå kampdag var 1,5 millionar kroner lågare sist laget var i 1. divisjon enn dei er i dag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Taper millionar uansett

Det betyr at det samla årlege inntektstapet på å rykka ned blir ein stad mellom to og fire millionar kroner.

- Det er ei utfordrande øving å driva fotballklubb i Sogn og Fjordane. Du er desidert minst i eliteserien, og det er endå meir utfordrande i forhold til økonomisk og sportsleg bærekraft i 1. divisjon. Men skilnadene er mindre for vår del enn me har vore tidlegare. Me aktar å halda oss der me er, men driv med utgangspunkt at me skal vera bærekraftige i begge divisjonar.

Spelarar vil forsvinna

Eit nedrykk vil medføra endringar i spelarstallen, men Mundal hevdar dei først og fremst vil koma ut frå sportslege vurderingar. Behov for andre typar spelarar vil melde seg, og enkelte spelarar vil vera klare for å ta eit steg vidare ved eit nedrykk. Han seier klubben per i dag ikkje har spelarar som dei ikkje har råd til å halda på ved eit nedrykk, fordi lønene til dei fleste i stallen automatisk blir redusert.

- Me har ein veldig sunn økonomi med tanke på spelarløner. Men me har ein del spelarar som har fått eit par år i eliteserien, og det vil alltid vera diskusjonar om kva som er rett for dei vidare. Ved eit nedrykk vil det bli forsterka.

- Vil spørsmåla dreia seg om økonomi eller sportsleg utvikling?

- Me kan ha med oss alle spelarane ned i 1. divisjon, men det er nødvendigvis ikkje det viktigaste spørsmålet. Det handlar også om sportsleg utvikling.

Omset for 30 mill.

2010 var eit år med kraftige, økonomiske nedskjæringar for Sogndal Fotball etter fleire år med store underskot. Paradoksalt nok var det også eit opprykksår. Dei to siste åra har budsjettet auka litt for kvart år, og fotballklubben omset no for om lag 30 millionar kroner. Tek ein med klubben sitt eigedomsselskap og dei betydelege investeringane i Fosshaugane Campus, kjem omsetninga opp i 55 til 60 millionar kroner i år.

Må gå med overskot

- Resultata våre har vorte betra jamnt og trutt, men det er tal som har gått frå minus til mindre minus. Me forventar å gå i pluss i 2012, og på sikt må me levera positive tal.

- Gjeld det uansett divisjon?

- Det bør me definitivt gjera. Det må vera utgangspunktet for satsinga.

Går det ille mot Brann på søndag, og i kampane til nedrykksrivalane, så ventar 1. divisjon i 2013. Mundal seier det ikkje er ein katastrofe, men at dei må kutta, og at kutta må koma innan løns og personalkostnader.

Ned i løn

- Me får noko naturleg reduksjon fordi me har differensierte løner i dei ulike divisjonane. Dei fleste hjå oss har differiensierte kontrakter. Det handlar om løn. Du kan ikkje halvera reisebudjsettet, for me må koma oss heimatt frå kampar i 1. divisjon også, seier Mundal.