Hopp til innhold

Har bestemt seg for å slå tilbake - Øyvind jaktar ny rekord under Bislett Games

OSLO (NRK.no): Etter at det vart stang ut på heimebane i Florø for fire dagar sidar, er Øyvind Strømmen Kjerpeset på jakt etter norgesrekorden. Du kan sjå Bislett Games direkte i nett-TV.

Øyvind Strømmen KJerpeset

KLAR: Øyvind Strømmen Kjerpeset er offensiv framfor dagens Bislett Games.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

–Eg er veldig spent. Eg kjenner at eg skal springe snart. Det kriblar i muskulaturen, seier Øyvind Strømmen Kjerpeset.

NRK.no fekk nokre ord med 400 hekk-spesialisten frå Florø, berre nokre timar før han skal i aksjon i sesongens til no store høgdepunkt: Bislett Games.

Der skal han revansjere seg etter at det ikkje gjekk heilt etter planen på heimebane sist helg.

  • SJÅ BISLETT GAMES DIREKTE HER FRÅ KLOKKA 17:50.

(Artikkelen held fram under direktesendinga)

Sommerens store friidrettsfest er i gang. 
Vi gir dere alt av stemning utenfor og innenfor murene på Bislett stadion, med utenlandske stjerner, norske håp, fyndige reportasjer og forventningsfulle gjester og publikummere. 
Kommentatorer er Karen-Marie Ellefsen, Lars Lystad og Vebjørn Rodal.
Programledere: Ida Nysæter Rasch og Harald Thingnes.

DIREKTE: Her kan du sjå Diamond League Bislett Games direkte. Øyvind Strømmen Kjerpeset skal springe 400 meter hekk klokka 19:52.

– Det er mogleg å setje ny rekord

For etter at han før sesongen gjekk ut med ei målsetjing om å senke den norske rekorden med eitt sekund i løpet av sommaren, vart tredjeplassen i Florø ikkje heilt som forventa. Tida 50,78 er langt bak ambisjonen om å komme seg under 49-grensa.

Det er berre fire dagar sidan.

– Eg har restitutert meg så godt eg kan. Og så har eg trent på hekkerytme og å treffe hekkane. Eg håpar skal gå fortare i dag, seier han.

Sjølv meiner han dessutan at den mykje omtalte skaden i foten har blitt betre.

– Kva tenkjer du så om sjansane dine?

– Dersom ting går veldig bra, så er det mogleg å springe ned persen min og setje ny norsk rekord. Det er det eg satsar på, seier Strømmen Kjerpeset.

– Presterer godt med sterke folk

Han veit at han driv ein særs krevjande idrett, der marginane slår veldig ut. For å setje ny norsk rekord må alt klaffe. Han har sjølv den norske rekorden på 49,95.

- Skilnaden på 49 og 50 sekund er berre eitt sekund - og det kan vere at berre éin dårleg hekk kan skilje eit godt og eit dårleg løp. Eg må vere fokusert heile vege, seier florøværingen.

I kveld spring han i eit godt heat, med mellom andre den sterke tikjemparen Ashton Heaton på startstrek.

– Det er vel første gongen eg har sprunge i eit verdsklasseheat. Men eg likar litt ekstra press - eg veit eg kan prestere bra med gode folk i feltet, seier Strømmen Kjerpeset.