NRK Meny
Normal

Den tusen år gamle steinkrossen kan bli reparert med korsett

Den øydelagde steinkrossen i Gulen er for tynn til å bli reparert med boltar. No får krossen i staden korsett.

Krossen i Eivindvik

KNEKT I TO: Steinkrossen før og etter uhellet under trefelling.

Foto: Ottar Starheim/Laila Indrebø / NRK

– Det vil nok bli godt synleg, seier fylkeskonservator Eva Moberg til Bergens Tidende på nett.

Tekniske ekspertar frå Universitetsmuseet i Bergen har no vore og teke ein titt på den øydelagde krossen. Konklusjonen er at det ikkje er mogleg å føye saman dei to delane med boltar inne i steinen.

– Krossen er for tynn til det. Fagfolka som var og såg på krossen, skal no arbeide ut ulike alternativ. Felles for dei alle er det blir bygt ei form for korsett rundt brotplassen som skal halde delane saman, fortel Moberg til Bergens Tidende.

Den tusen år gamle steinkrossen i Gulen vart knekt under eit uhell med trefelling ved kyrkja i april.

– Målet er framleis at krossen skal setjast opp att der han stod, seier Moberg.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.