Hopp til innhold

Overveldande oppmøte på skredmøte

Seks gonger så mange som venta kom for å lære om skred i kveld.

Skredmøte i Sogndal

GODT OPPMØTE: Arrangørane venta 50–60 personar til skredmøtet, men fekk over 300.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Allereie i god tid før møtet var det kome mykje folk. Arrangørane i Bratt moro hadde venta 50–60 personar.

– Det må vere bra når det kjem over 300 personar for å høyre om snø som har rasa ut. Men det er jo fordi folk er opptekne både av eigen og andre sin tryggleik, seier styreleiar i Bratt moro, Tor Yttri.

Markus Landrø

INGA ROCKESTJERNE: Men likevel mange som ville høyre på Markus Landro.

Foto: Privat

Dei var samla i Sogndal for å høyre kva som skjedde då enorme mengder snø kom ned fjellsidene vest for Sogndal skisenter laurdag 31. januar. Ein av dei største skredekspertane i landet, Markus Landro, fekk eit mykje større publikum enn venta

– Det var overveldande. Det er ikkje akkurat ei rockestjerne som er her i kveld, seier Landro om seg sjølv.

– Bra at skredet gjekk

Skredet skjedde i eit populært turområde. Landro seier det kan ha gjort at folk skjønar kor farlege skred er.

– Det kan vere ein vekkar, for på fredag køyrde folk i ganske utsett terreng, og dagen etter er det annleis, seier Landro.

Tor Yttri

EIN VEKKAR: Skredet er ein vekkar, og Yttri er glad for det.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det er ein vekkar, seier Yttri meir bestemt. Me er veldig bortskjemde med god snø her i Sogn. No fekk me ein vekkar fordi vêret har oppført seg litt annleis. Sidan det gjekk så bra at ingen vart skada, er det bra skredet gjekk. Eg trur det vil gjere folk meir observante ei god stund framover.

Handla raskt for å nå mange

Landro avviser kontant at møtet er for å skremme folk frå å gå tur eller køyre på ski. Han vil at folk skal lære, og håpar tvert om at folk går meir på tur.

– Vi heiv oss rundt, for når skredet er ferskt i minnet og folk har kjent det på kroppen, er det lettare å knyte det vi snakka om her til eigne opplevingar, seier skredeksperten.

Under føredraget sa Landro at folk har sloppe unna med mykje bratt køyring, og ikkje altfor klok oppførsel. Men om folk vil ferdast annleis, vil han ikkje spekulere i.

– Folk tek val basert på eigen kunnskap og erfaring. Dersom nokre som var her tek med seg litt kunnskap heim, og gjer klokare val, er eg nøgd med det.