Hopp til innhold

«Må lære meir om skredfare på skulen»

Dei enorme snømengdene i raset i helga, har skremd mange. No vil folk lære, og første steg på vegen kjem i kveld.

Eline Ylvisåker og Espen Lerum Bondevik
Foto: Gro Ravnestad / NRK

Laurdag 31. januar lausna enorme mengder snø frå fjellsidene vest for Sogndal skisenter. Dette er eit populært turområde, men heldigvis vart ingen tekne av snøskreda.

– Det er skremmande. Både eg og elevane reiser på tur her. Me skal framleis på turar, men skal vere meir medvitne på skred, også i grunnskulen. Vi må bruke det til å lære, seier lærar Odd Eivind Holo.

I dag tok han med seg 9.-klassingane ved Kvåle skule på tur innover Gunvordalen. Dei heldt seg på flat mark og grov i snøen for å lære om snøprofil.

9. klasse Kvåle skule

VIL LÆRE: Både læraren og elevane kallar skredet skremmande, og vil ha meir om skred i grunnskulen.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Eg plar gå på toppturar her til vanleg. Eg skal byrje å vere meir forsiktig med kvar eg køyrer, og bu meg på skredfaren før turen, seier elev Espen Lerum Bondevik.

– Det er noko folk bør vite meir om, og folk bør lære meir om det på skulen, seier medelev Eline Ylvisåker.

Created by InfoDispatcher

SNØSKRED: Sjå video frå rasområdet i Gunvordalen. Fotograf: Christian Frøyd.

– God åtvaring og god læring

Tor Yttri, styreleiar i vintersportsfestivalen Bratt Moro, var sjølv på tur i området der raset gjekk på laurdag.

Tor Yttri

FEKK SEG EIN STØKK: Tor Yttri.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det lausna skred der det aldri har skjedd før. Nokre folk spurde meg kvar dei skulle gå, og eg åtvara mot dei brattaste partia. Men at det var so gale, overraska meg. Eg trur me fekk ein støkk dei fleste av oss. Mange av oss har køyrd ned her skredet gjekk.

Så stor var støkken, at Bratt moro arrangerer skredmøte i Sogndal i kveld. Dit kjem ein av Norges største skredekspertar, Markus Landrø.

– Folk må ta ansvar sjølve

Markus Landrø

OVERRASKA OVER RASSTADEN: Ekspert Markus Landrø.

Foto: Privat

Mange har vore overraska over at skredet kom akkurat i Sogndalsdalen. Det er også skredeksperten, etter ei synfaring i dag.

– Eg er ikkje overraska over kvifor det rasa, men det som er overraskande er at det skjer her i Sogndalsdalen, kor ein ofte slepp unna slik problematikk, på grunn av klimaet, seier Marcus Landrø.

Søndag forklarte han til NRK kvifor dei enorme snømengdene kom ned fjellet. I kveld skal han dele det same med sogningane. Landrø seier skredfaren kjem til å vare ei stund. Likevel vil han ikkje rå folk frå å køyre i bratt terreng.

– Folk må ta ansvar sjølv. Sjekk varsom.no, og bruk kunnskap og erfaring. No må ein vite kva ein held på med. Gjer ein ikkje det, må ein søke terreng som ikkje er bratt nok til skred. Dette er normalsituasjonen mange stader. Det uvanlege er at det skjer her, seier Landrø.

Created by InfoDispatcher

TV-sak frå laurdag. Reporter: Arve Uglum. Fotograf: Ole Andre Rekkedal.