NRK Meny
Normal

Overskot for Innvik Sellgren AS

Møbelstoffprodusenten Innvik Sellgren hadde eit årsresultat på vel to millionar kroner i fjor.

Ei av årsakene til det positive resultatet for verksemda i Innvik er at dotterselskapet Landheim Veveri på Austlandet vart levert til skifteretten.

Dette selskapet hadde påført Innvik Sellgren tap tidlegare. I tillegg selde Innvik Sellgren AS eigedomar til eigedomsselskapet Innvik Sellgren Eiendom AS. Dette bidrog og til at resultatet kom på plussida.

Styret i Innvik Sellgren meiner utsiktene for 2006 er positive og ventar vekst både nasjonalt og internasjonalt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.